Ei ut av skapet-forteljing

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

SkråblikkDå eg vaks opp inne i vakre Hardanger på 90-talet visste eg knapt kvar Nordhordland var, og då eg flytta til Bergen for å studera i 2001, var det berre ein ting eg visste heilt sikkert. Og det var at strilane det var dei som gjekk ut på Sjøboden og Zachen, at dei snakka litt rart og at det var aldri aktuelt å omgåst dei.

Det er ikkje måte på kor tidene endrar seg. No har eg jobba i snart tre år i avisa Nordhordland, og har møtt mange spanande og artige folk. Og nokon som stadfestar stereotypiane. Sjølvsagt.

LES OGSÅ: «Bergen kunne ikkje gått rundt utan nordhordlendingane»

Det er noko som heiter at ein lærer så lenge ein lever. Og det er eit uttrykk som har svært mykje for seg.

Personleg har eg alltid vore svært opptatt av historie, og det saman med samfunnsfag var alltid dei faga eg gjorde det best i då eg gjekk på skulen. Difor var det kanskje ikkje overraskande at eg har studert både journalistikk og historie.

Mi historieinteresse har etter kvart ført til at eg har byrja med det som er Noregs største hobby, slektsgransking. (Ja, eg bur åleine).

Eg er frå ein familie der me har hatt ganske så god kontroll på morssida, mange generasjonar bakover. Faktisk tilbake til kong Håkon Håkonssen si tid.

På farssida mi derimot, har det av ulike grunnar vore svært lite kunnskap lenger tilbake enn til mine oldeforeldre, til nød mine tipp-oldeforeldre.

LES OGSÅ: Deltok tipp-tipp-tipp-tipp oldefar din i den berømde Strilekrigen?

Men takk vere at enorme mengder kyrkjebøker er digitalisert er livet som slektsgranskar nærast ein leik. Kombiner det med enorm kunnskap blant dei mest aktive på Digitalarkivet sitt forum, er det mogleg å læra svært mykje om si nære og fjerne fortid. Er du då litt nerd, er det utruleg moro.

Far min er frå Bergen, så eg har klart å spora opp nøyaktig i kva hus hans forgjengarar budde i, kor mykje dei betalte i leige og kva andre folk som heldt til der.

Det var då sjokket tok meg.

Det viser seg at trur du ikkje eg og er nordhordlending då? Kanskje er me til og med i slekt.

For etter å ha granska meg sjølv kom eg fram til at mi tippoldemor Borgny er frå Alversund, det same er mor hennar Karin Helene. Ho gifta seg med med Magne Amundsen som i si tid var frå Hølleland ved Stranda. Der vaks han opp med vakker utsikt over Hindenesfjorden. Då han var rundt 30 år gammal flytta han til Bergen med familien, busette seg i Sandviken og vart møllearbeidar.

Også farmor mi si slekt kjem frå Nordhordland. Mi oldemor er frå Brakstad og gifta seg med ein frå Nautnes i Øygarden. Dei flytta og til Bergen og etablerte seg der, fekk ungar og lét meg leva i trua at far min var bergensar.

LES OGSÅ: Harald er bitt av basillen - slektsgransking tar heilt av

Men som ekspert på feltet, Gina Dahl seier, dei fleste bergensarar som sjekkar seg sjølv, treng berre gå to generasjonar bakover, så er dei langt utanfor bygrensene. Ein gong møtte ho ei som klarte å spora seg sjølv tilbake fire generasjonar i Bergen, då applauderte Dahl ho. Mi historie er berre nok eit døme på at Bergen er ikkje bergensarane eller borgarane sin by. Bergen er nordhordlendingane og strilane sin by. Det har den vore i hundrevis av år, og det er den framleis.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags