Edgar Grindheim til minne

Edgar Grindheim

Edgar Grindheim Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.MINNEORD: Edgar Grindheim gjekk brått bort 2. august, berre 66 år gammal.

Meldinga om Edgar sin bortgang kom som eit stort sjokk og det er med stor sorg me skriv desse minneorda. Edgar hadde nett vorte pensjonist, og hadde mange planar for framtida.

Han var aktiv i politikken i over 30 år. Som medlem og leiar i Hordabø Arbeidarlag, kom han også inn i styret i Radøy Arbeidarparti.

Her var det spesielt saker vedkomande plan, landbruk og teknisk som engasjerte han. Men også sosiale saker og det som opptok det einskilde menneske var viktig for han.

Sjølv om han var ein travel mann, og oppteken av familie, jobb og gardsdrift, fann han tid til å vera han aktiv i politikken. Edgar var kunnskapsrik og ville det beste for ibuarane i Radøy. Han var ein god samtalepartner, sakleg og tydeleg.

Han var flink til å koma med gode løysingar på vanskelege saker.

Likhet for lova, var eit motto han levde etter. Han gav klar beskjed når han meinte det var gjort urett mot nokon.

Edgar gav seg i politikken i fjor, men vil verta hugsa for sitt engasjement og omtanke for andre, og som ein traust og stødig kar.

I Arbeiderpartiet vil me uttrykkja vår varme medkjensle med hans nære og kjære, me er med dykk i sorga .

Me lyser fred over Edgar sitt minne!

Kirsti Gjetle Floen, Jostein Borlaug, Berit Kvalvik

Radøy/ Alver AP.

Artikkeltags