Langar ut mot profilerte lokalpolitikarar etter E39-utspel

– Makan til dobbelkommunikasjon som vi no registrerer frå profilerte lokalpolitikarar frå Ap, KrF og Sp i Nordhordland  skal ein leita lenge etter, seier Fylkestingrepresentant  (H) Nils Marton Aadland.

– Makan til dobbelkommunikasjon som vi no registrerer frå profilerte lokalpolitikarar frå Ap, KrF og Sp i Nordhordland  skal ein leita lenge etter, seier Fylkestingrepresentant  (H) Nils Marton Aadland. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Makan til dobbelkommunikasjon som vi no registrerer frå profilerte lokalpolitikarar frå Ap, KrF og Sp i Nordhordland skal ein leita lenge etter.

DEL

LesarbrevOnsdag 8. mars stod tre ordførarar frå Ap, KrF og Sp fram i Avisa Nordhordland og understreka trongen for at det i Nasjonal Transportplan 2018-2019  (NTP) blir løyvd midlar til strekninga E39 Klauaneset – Vågsbotn. Same dag røysta dei same partia, inklusiv to av dei aktuelle ordførarane dette ned då saka var til handsaming i Hordaland fylkesting.

Makan til dobbelkommunikasjon som vi no registrerer frå profilerte lokalpolitikarar frå Ap, KrF og Sp i Nordhordland  skal ein leita lenge etter. I fleire ti-år har politikarar og næringsliv i regionen arbeidd for å få realisert E39 Nyborgtunnelen (Nordhordlandsbrua – Vågsbotn).

Den siste tida har regjeringa og samarbeidspartia informert  korleis nokre  viktige samferdselsprosjekt vil bli prioritert i NTP.

Med bakgrunn i dette fremja Sp eit framlegg til uttale i fylkestinget der dei berre peika på E16 og Vossabanen. Konklusjonen i uttalen er at «Hordaland fylkesting oppmodar regjeringa og støttepartia om når NTP vert lagt fram, må det vere med oppstart av  E16 og Vossebanen i 2021».

Høgre støtta dette. Men det har frå regjeringa og samarbeidspartia også kome fram informasjon om andre viktige samferdselsprosjekt i Hordaland.

Difor fremja eg på vegne av Høgre eit framlegg  til uttale der vi også kommenterte fleire viktige samferdselsprosjekt. I vårt framlegg heiter det mellom anna at «det er positivt at regjeringa peikar på trongen for å realisere E39 Ringveg aust og E39 Hordfast. Hordaland fylkesting registrerer at regjeringa så langt ikkje har kommentert prosjektet E39 Vågsbotn-Nordhordlandsbrua i samband med NTP. Fylkestinget ber om at det blir sett av planmidlar til dette prosjektet i første periode. Byggjestart må skje så snart som mogleg, og før dei andre parsellane på E39 Ringveg aust. Dette grunna den svært store (24 000 ADT) og stadig aukande trafikken på E39 Vågsbotn – Nordhordlandsbrua».

Dette framlegget fekk ikkje fleirtall i fylkestinget. Ap, KrF og Sp, med profilerte lokalpolitikarar frå Nordhordland, kunne ikkje støtta dette.

Det er flott at lokale folkevalde i Nordhordland står fram i avisene og peiker trongen for viktige samferdselsprosjekt for innbyggjarar og næringsliv i regionen. Det er desto meir overraskande og synd at dei aktivt stemmer i mot dette når det øvste politiske organet i fylket, Hordaland fylkesting, gir uttale til regjeringa og støttepartia om NTP.

Jon Askeland (Sp) «forklarer» i Strilen 14.03 stemmegivinga frå Ap, KrF og Sp med at «me valte å uttale oss om dei kjende lekkasjane, og vente med det som ikkje er omtalt enno».

Dette er rett og slett eit forsøk på bortforklåring. Regjeringa og støttepartia har varsla at det kjem midlar til Ringveg aust i NTP. Det var nettopp det som var bakgrunnen for at Høgre i vårt framlegg til uttale peika på at byggjestart på E39 Nordhordlandsbrua-Vågsbotn  må skje så snart som mogleg, og før dei andre parsellane på E39 Ringveg aust.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags