Det er openbart krevjande å vere fylkestingsrepresentant frå Ap, KrF og Sp i Nordhordland. Først stemmer dei ned Høgre sitt framlegg om å prioritere strekninga E39 Nordhordlandsbrua– Vågsbotn då fylkestinget handsama uttale til Nasjonal Transportplan 2018 -2029 (NTP). Deretter gir dei Høgre og underteikna skulda for si eiga stemmegiving!

Debatten om kvifor Ap, KrF og Sp sa nei til å prioritere E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn i samband med fylkestinget sin uttale til NTP har utvikla seg til å bli eit lite verdig spel der dei fem lokale fylkestingsrepresentantane Pål Kårbø (KrF), Astrid Aarhus Byrknes (KrF)), Per Lerøy (AP), Sara Sekkingstad (SP) og Jon Askeland (SP) tyr til stadig meir «kreative» forteljingar.

I eit lesarbrev med tittelen «Aadland presenterer alternative frakta om E39-midlar» kjem det fram påstandar som er så grunnlause at eg nesten må klypa meg i armen og stilla spørsmålet; var vi på det same fylkestingsmøtet? Ja, vi var det og heile debatten om NTP er tilgjengeleg med lyd og bilete på Hordaland fylkeskommune sine nettsider.

Dei fem lokale representantane skriv mellom anna at «i debatten om fråsegna vart det eit underleg politisk skodespel med Nils Marton Aadland (H) i spissen». Eg skal ikkje kommentere kven som verkeleg demonstrerer kunsten å «spela», men kan forsikra om at for Høgre og underteikna handlar ikkje dette om «spel», men om vilje til å få realisert ein ny, betre og tryggare veg mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua så snart som mogleg.

Fram til møtet i fylkestinget trudde eg det var brei politisk semje om at dette prosjektet burde prioriterast. E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn er det viktigaste samferdselsprosjektet for innbyggjarar og næringsliv i Nordhordland. Difor har Hordaland Høgre og underteikna i mange år arbeidd aktiv for å realisere dette prosjektet, noko vi sjølvsagt vil halde fram med.

 

Vidare skriv dei fem lokale fylkestingsrepresentantane at Høgre ved underteikna hadde avvist tilbod etter tilbod frå dei tre partia for å få til ei samla uttale frå fylkestinget, og at det var årsaka til at dei ikkje kunne stemme for å prioritere E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn. Dette er nesten for utruleg til å vera sant. Er det verkeleg slik at dei tre fleirtalspartia må ha «godkjenning» frå Høgre og underteikna for å stemme for prosjekt dei er for? Svaret er sjølvsagt nei. Dersom Ap, KrF og Sp verkeleg ville prioritere E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn kunne dei gjort det - uavhengig av kva andre parti måtte meine.

Når ein går tom for saklege argument, er det fristande å ta «mannen». Det er nettopp det dei fem lokale fylkestingsrepresentantane prøver på her. Det er forståeleg at dei no er aktive i lokalavisene og «forklårar» kvifor dei ikkje kunne stemme for ein uttale som prioriterer E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn. Det ville vore betre om dei hadde vore aktive og deltatt i debatten 8. mars då fylkestinget handsama saka.

Mi oppmoding er at vi saman og på tvers av partipolitiske skiljeliner må arbeide for å realisera E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn snarast mogleg. Det trur eg innbyggjarane forventar av oss.

Les også

Langar ut mot profilerte lokalpolitikarar etter E39-utspel