– Aadland presenterer alternative fakta om E39-midlar

– Me forstår at det kan vera vanskeleg for Nils Marton Aadland(H) å gå mot sin eigen statsminister, men det gir ikkje representanten rett til å gå til angrep på dei fylkestingsrepresentantane som vågar å prioritera, skriv fylkestingrepresentantane frå Krf, AP og SP.

– Me forstår at det kan vera vanskeleg for Nils Marton Aadland(H) å gå mot sin eigen statsminister, men det gir ikkje representanten rett til å gå til angrep på dei fylkestingsrepresentantane som vågar å prioritera, skriv fylkestingrepresentantane frå Krf, AP og SP. Foto:

Av
DEL

LesarbrevMange er spente på kva den endelege NTP vil innehalda. Regjeringa kjem for tida med ei rekkje lekkasjar frå den, og på bakgrunn av desse vart det i Fylkestinget førre veke utforma ei fråsegn som klart gav uttrykk for at representantane i Fylkestinget er svært skuffa over at Regjeringa vil utsetja arbeidet med å byggja ny veg og jernbane som erstatning for dagens svært rasutsette E16 frå Arna til Voss.

Eit samla Fylkesting unnateke Høgre og Frp, gjekk inn for denne fråsegna. I debatten om fråsegna vart det eit underleg politisk skodespel med Nils Marton Aadland(H) i spissen. Han sette som vilkår at fråsegna ikkje kunne vera så klar, og kom med eit alternativ som innebar at den skulle svekkast med at ein var nøgd med lekkasjane om Sotra-samband og E39/Hordfast. Fleirtalet heldt fast på at fråsegna skulle halda seg til kjende lekkasjar og til det som Hordaland ikkje er nøgd med. Aadland avslo. Fleirtalet tilbydde så Høgre /Frp å ta inn ei setning der ein viste til Fylkestinget sin samla uttale til NTP frå juni 2016. Aadland avslo. Fleirtalet tilbydde då Høgre/Frp å ta inn nettopp setningar om forventing til at E39 Ringveg aust frå Nordhordlandsbrua til Fjøsanger vart tatt inn. Aadland avslo. Dermed sette fleirtalet hardt mot hardt, og kunne konstatera at Høgre/Frp på Fylkestinget ikkje er opptekne av å halda lovnader, men driv billeg stemmesanking på amerikansk vis.

Etter Fylkestinget fell altså Aadland for freistinga om å presentera sine alternative fakta i eit innlegg i Strilen den 9. mars og seinare også i eit innlegg i avisa Nordhordland.  

Sanninga er at politikarane i Hordaland har fått refs av både samferdselsministeren og stortingsrepresentant Ove Trellevik(H) for manglande prioritering. I BA 15. mars kallar Trellevik ønskja frå Hordaland for utopi.

På dei lekkasjane me har fått frå NTP så langt, ser det ut til at me vert strengt straffa for vår manglande prioriteringvilje ved at alle våre viktige prosjekt, med unntak av Sotra-sambandet, vert skjøve kraftig ut i tid. Når dette skjer, må me som lokalpolitikarar ta bladet frå munnen og seia frå om kva som må prioriterast i vårt fylke. To prosjekt peikar seg då heilt klart ut av omsyn til trafikktryggleik og trafikkgrunnlag, E16 Arna – Voss og E39 frå Vågsbotn til Nordhordlandsbrua. Dette inneber at NHO og Høgre då må prioritera ned prestisjeprosjektet Hordfast, som Erna Solberg under valkampen i 2013 lovde skulle startast opp alt i 2018. Ser ein på trafikkgrunnlaget og prosjektkostnadane for dette prosjektet, finn ein kjapt ut at det er totalt uansvarleg å gjennomføra dette prosjektet i sin noverande form.

Me forstår at det kan vera vanskeleg for Nils Marton Aadland(H) å gå mot sin eigen statsminister, men det gir ikkje representanten rett til å gå til angrep på dei fylkestingsrepresentantane som vågar å prioritera.

Beste helsingar frå fylkestingrepresentantane

Pål Kårbø KrF, Astrid Aarhus Byrknes KrF, Per Lerøy AP, Sara Sekkingstad SP og Jon Askeland SP

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags