Vi skal spele på lag med næringslivet i Alver kommune

Øyvind H Oddekalv, ordførarkandidat Alver Arbeidarparti

Øyvind H Oddekalv, ordførarkandidat Alver Arbeidarparti Foto:

Av
DEL

LesarbrevAlver Arbeidarparti ønskjer at Alver kommune skal vere ein attraktiv kommune å drive næring og å etablere seg i. Eit sterkt og godt næringsliv, inkludert primærnæringane, gjer kommunen til eit berekraftig og godt samfunn. Skal vi lukkast på andre område; kunne satse på gode tilbod til barn og unge, kunne levere ein god eldreomsorg og kunne utvikle kommunen med gode lokalsamfunn der ein kan ta klimavenlege val, må vi lukkast med næringsutviklinga.

Alver kommune skal vere ein føreseieleg og aktiv utviklingsaktør som samarbeider godt med næringslivet og saman med næringslivet skal kommunen arbeide aktivt for at å skape eit godt omdømme. Her meiner vi at vi har kome godt i gang, og kommunen har tilsett ein dyktig nærings- og utviklingssjef som allereie har starta eit godt arbeid. På oppdrag frå fellesnemnda er det set i gong ein næringsanalyse som skal munne ut i ein framtidsretta næringsplan med konkrete tiltak for arbeidsplassutvikling.

Mongstad-området er som ein motor for næringslivet i kommunen, og det er viktig at vi legg til rette for vidare og god utvikling. Mongstad er i dag den største energiindustriklynga i landet, og med den unike kompetansen som finst ligg det godt til rette for å utvikle nye grøne arbeidsplassar. Her har kommunen ei viktig oppgåve som tilretteleggjar.

Eit anna døme på det gode samarbeidet er satsinga på lærlingar. I fellesskap har lokale bedrifter og Nordhordland Næringslag, dei vidaregåande skulane og kommunane gått saman om å gi ein læreplassgaranti i regionen. Dette passar godt med dei måla som Alver Arbeidarparti har sett for dette arbeidet, vi vil ha ei storstilt satsing på læreplassar i den nye kommunen! På den måten er kommunen med og tar det samfunnsansvaret som t.d. Framo og fleire av dei lokale bedriftene har vore svært gode på lenge.

Når vi snakkar med lokale næringsdrivande er noko av det viktigaste dei trekkjer fram satsinga på gode kommunikasjonar og framtidsretta samferdselsløysingar. Det viktigaste vegprosjektet for Alver kommune er ny E39 Vågsbotn-Klauvaneset (Nordhordlandstunnelen). Her må næringslivet og dei folkevalde saman kjempe for at vi får realisert dette så fort som mogleg. Det er og svært viktig at vi held fram med å byggje ut fiber/breiband i heile den nye kommunen. Her har alle dei tre kommunane vore aktive dei siste åra, men vi kan ikkje gi oss før vi har 100 % dekning. Alver Arbeidarparti vere den fremste pådrivaren for å komme i mål med dette.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags