Skattelette for ein kvar pris: Er det god politikk for innbyggjarane våre?

Anna K. Valle, gruppeleiar Lindås Sp, meiner omlegginga av eigedomsskatten må koma gjennom eit lovutval.

Anna K. Valle, gruppeleiar Lindås Sp, meiner omlegginga av eigedomsskatten må koma gjennom eit lovutval. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ja, Lindås kommune har hatt gode inntekter frå eigedomsskatten....

Ja, Lindås kommune må finna seg i at det vert endringar og at inntektene kan verta redusert...

Men eigedomsskatten på verk og bruk er ein så viktig del av kommuneøkonomien - i heile landet - at ei omlegging må koma gjennom eit LOVUTVAL.

Utvalet må sjå både på Eigedomsskattelova med forskrifter og på heile inntektsgrunnlaget for kommune-norge.

Denne gongen har regjeringa skjerma ein del kommunar, kanskje for å få mindre motbør, men for Lindås kommune betyr framlegget bråbrems.

Av ca 165 mill i eigedomsskatt vil me sitja att med ca 15 mill/år.

Reduksjonen på 150 mill over 5 år vil gje ei årleg nedtrapping på 30 mill eller +/- 50 årsverk per år.

Verknadene av dette kjem med full tyngd inn i den nye Alver kommune, og eg tillet meg å hevda at me truleg ikkje hadde sett nokon Alver kommune om denne endringa hadde vore kjend då vedtaket om ny kommune vart gjort.

Men Alver kommune er oppretta, og med dette framlegget pålegg H/Frp oss å driva 

1. Å byggja ny kommune - med alle dei utfordringane det vil gi, parallelt med

2. Å driva ein omorganiserings/nedskjæringsprosess me ikkje har sett maken til.

Er dette seriøs politikk frå Regjeringa ?

Ein ting som også er viktig å få fram er at (litt enkelt sagt) om eigedomsskatten vert borte vil resultatet i bedrifta betra seg og gi grunnlag for auka skatt der, men då er det Staten som får skatten.

Ved å fjerna eigedomsskatten har ein såleis ikkje gitt same sum i totalt skattelette, men ein har fjerna inntekta frå kommunen.

Frp og H er svært optimistiske når det gjeld kva denne skatteletten vil føra til av blømande næringsliv i kommunane våre.

Me veit sjølvsagt lite om denne skatteletten vil gi nye arbeidsplassar, men me veit at det er fleire faktorar som avgjer kor næringslivet satsar.

Det kan vera tenleg tomteareal, god infrastruktur, tilgang på stabil arbeidskraft, gode oppvekstvilkår m.v.

Lindås kommune har investert i å tilretteleggja næringsareal og kommunen er no i gang med ei storsatsing for vatn til Mongstad-området. Dette er også viktig for å frå blømande næringsliv.

Når kommunen sine inntekter vert redusert, vert også handlingsrommet for vera samfunnsutviklar mindre.

Ved å gi stor skattelette til næringslivet kan kommunen måtta velta kostnader over på alle innbyggjarane i form av høgare avgifter på kommunale tenester.

Er det god politikk for innbyggjarane våre  ?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken