Kulturhusdebatten i nye Alver kommune: Kulturhuset, korleis og når?

– Etter mitt syn må me kopla fylkeskommunen på i arbeidet med kulturhus i Knarvik, skriv Jon Askeland i dette debattinnlegget.

– Etter mitt syn må me kopla fylkeskommunen på i arbeidet med kulturhus i Knarvik, skriv Jon Askeland i dette debattinnlegget. Foto:

Av

Bjørn Olav Benjaminsen reiser ein viktig debatt om korleis kulturhuset i Knarvik må fungera i høve det frivillige livet i resten av Alver, ja også i heile Nordhordland.

DEL

Meiningar:Eit moderne kulturhus i Knarvik, rett utvikla og rett finansiert, må me få. Det vil utan tvil vera viktig for oss, og difor vil Senterpartiet jobba for realisering av det, men spørsmåla til Benjaminsen er velgrunna, og me deler dei. Knarvik Kyrkje er td blitt til velsigning kyrkjeleg og kulturelt, då den også er eit framifrå konsertlokale. Men, etter at kyrkja i Knarvik kom, vart det stort sett slutt på konsertar i Myking kyrkje og Nordhordlandskatedralen på Manger. Men, det er totalt sett blitt fleire større konsertar på kommersielt grunnlag i Nordhordland enn før. Denne parallellen kan kanskje visa dilemmaet for kulturhuset også?

Heldigvis finst det gode døme på vellukka kulturhus i regionsenter rundt om i landet. Desse må me ta lærdom av. Fellesnemnaren for dei vellukka husa, er at dei alt frå planleggjinga har vore bevisste på korleis dei skal fungera i høve bygdene som høyrer til. Eit vellukka kulturhus i Knarvik gjer Nordhordland meir attraktivt, og ivaretek aktiviteten i frivillige lag i bygdene.

Difor er også finansieringa av kulturhuset viktig. Det finst dessverre også døme på kulturhus som er blitt langt dyrare enn rekna med, og at «rekninga» har blitt sendt frivillige lag i form av kutt i kultur- og idrettsmidlar. Dit skal me ikkje.

Eg meiner me bør tenkja sambruk og då kan me læra av nabofylket Sogn og Fjordane. Dei har vore særs flinke i samspelet mellom kommune og fylke på området. Gode døme finn ein på Sandane og i Sogndal. Der har dei samarbeidd om etablering av vidaregåande skule og idrettsanlegg, kulturhus, kino, idrettscampus mm. Suksessfaktoren har vore samspelet mellom kommune, fylke og lokal(og statleg) kapital , som har klart finansieringa, og gitt fleirbruksanlegg som aular av liv «døgnet rundt», slik at alle tener på det.

Etter mitt syn må me kopla fylkeskommunen på i arbeidet med kulturhus i Knarvik. Knarvik Vidaregåande skule skal etter vedteken skulebruksplan i 2026 verta samlokalisert på Juvikstølen, og me må nytta dette høvet til å få eit vellukka skule- ungdoms- og kultursenter i Knarvik, som spelar på lag med dei frivillige laga i bygdene våre. Dei har fått det til andre stader, då må me også klara det. Då må me tenkja og handla rett, kort sagt ha gode planleggjingsprosessar! Det er flott at Lindås kommune alt no har sett av planmidlar til kulturhuset.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags