Striden om Øksnesmarka i Austrheim: Sponheim overkøyrer sitt eige fagmiljø

Av
DEL

MeiningarDet er skjebnetid for Øksnesmarka i Austrheim.  Denne perla av eit naturområde som Fylkesmannen meiner har nasjonal verdi og Forum for natur og friluftsliv (FNF) vil verna, kan i kommunestyret torsdag bli ofra for svært så obskure næringsinteresser.  Det finst ingen konkrete utbyggingsplanar for området; 550 daa på land og over 100 daa i sjø.  I kommunestyret blir det tett.  Med to overløparar frå Høgre kan Ap få fleirtal for utbygging. I tilfelle bryt dei to med opne auge samarbeidsavtalen med Venstre om LNF (landbruks-, natur- og friområde) i Øksnesmarka.  Slik svikefull framferd har Høgre sentrale retningsliner for.  Eksklusjon.

Mest provoserande er likevel fylkesmann Lars Sponheim si rolle.  Trass i to runder med varsel om motsegn og fagmiljøet si krystallklare fraråding av utbygging, vel Sponheim å overkøyra sine eigne ekspertar og opna for næring med denne grunngjevinga: «Etter eit sterkt ønske frå kommunen» (s. 5 i Samordna uttale av 11.01.19).  Uttalen kjem etter at Sponheim 19.12.18 møtte ordførar Per Lerøy frå Ap i såkalla dialogmøte.  Men er eit splitta kommunestyre «eit sterkt ønske»?  Berre Ap går inn for utbygging.

Lenger framme i Samordna uttale framfører fylkesmannen sin fagavdeling med full styrke kvifor ei utbygging vil vera øydeleggande: «Konsekvensen av ei utbygging av næringsområdet på den sterkt trua breibandpraktviklaren og sannsynlege førekomstar av dei trua naturtypane kystlynghei, kystmyr og naturbeitemark, vil vere ei øydelegging av desse nasjonalt viktige naturkvalitetane».  Det vert på s. 4 understreka at «Øksnes må klassifiserast som eit naturområde av nasjonal verdi».

Vi hadde før i tida ein fylkesmann som ikkje kvia seg for å setja foten ned når lovverket og nasjonale mål og retningsliner vart brotne av kommunane.  Men dei siste åra har bruken av motsegn gått kraftig ned, og natur- og miljøfiendtlege tiltak får alt for ofte passera.  Det har vi sett på Liland i Fana, og det ser vi no i Øksnesmarka.  Som motsats har vi Bergen kommune som i KPA (kommuneplanens arealdel) framsynt vil omdisponera 7000 daa byggeland til LNF. 

Kvifor vil ikkje Sponheim stå fast på motsegna si og be om LNF i Øksnesmarka?  Kvifor forsvarar han ikkje naturmangfaldet slik han skal?  Kvifor overkøyrer han fagmiljøet sitt på denne måten?  I bakgrunnen skimtar vi svaret: Monica Mæland i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og ein fylkesmann som vil vera populær i kommunane.  Det spørs om han blir det i dette tilfellet.

Jan Nordø

leiar

Naturvernforbundet Nordhordland

«Utan privat verdiskaping i botn, døyr eit kvart samfunn» 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags