Kjøp ein, gi ein-modellen: Det kjennest kanskje bra, men gjer det eigentleg ein forskjell?

Skjermdump: toms.com

Skjermdump: toms.com

DEL

Kommentar

Drikk ein frappe frå Starbucks og hjelp til med å stoppa hiv, eller kjøp ei veske for å bidra til naturkatastrofe, hjelp! Initiativ som på denne måten lèt deg kombinera kjøpa dine med ei lita samfunnsendring, er ein aukande trend. Vi ser desse nye moglegheitene og konkluderer med at verda og samfunnet er på veg til å verta noko meir empatisk og etisk. Det høyrest jo ikkje så gale ut, og det er det kanskje ikkje. Men kor mykje hjelper desse initiativa eigentleg?

TOMS, eit skoselskap av Blake Mycoskie, har lova å donera eit par sko for kvart par som vert kjøpt, og har til i dag distribuert rundt seksti millionar par sko til barn som treng dei, og samstundes hjelpt sosialt bevisste forbrukarar til å føle seg betre. Kjøp ein, gi ein modellen har vorte teke godt imot av eit samfunn som ønsker å føle seg bra ved å bidra, og er samstundes ein effektiv måte for kommersielle selskap å kunna selja produkta sine på eit grunnlag av godt samvit og verdiar. Men når ein set tiltaket i perspektiv, og ser på det i eit kritisk lys er det ikkje så vanskeleg å forstå at det ikkje er veldig effektivt i lengda.

Ei aukande mengd dokument og utanlandske organisasjonar erkjenner at veldedige gåver som vert utlevert i denne forma, kan i vondaste tilfelle undergrave lokale bedrifter og forverre den heilskaplege økonomiske situasjonen. Dette skjer ved at det vert skapt ein økonomi basert på hjelp og veldedigheit, i staden for lokal økonomisk vekst. Ofte er dei som vert ramma bønder, arbeidarar, handelsfolk og seljarar, dette er spesielt uheldig då arbeidet og bedrifta deira kan vera avgjerande for å løfta heile samfunnet ut av fattigdom. Ved å ikkje støtta lokal produksjon, går TOMS ut og effektivt sårar økonomisk vekst og deretter forverrar fattigdomssituasjonen dei ønsker å forbetra. Modellen gjer lite for å forstå eller setta seg inn i dei underliggande årsakene til fattigdom, og tilbyr ikkje langsiktige mål eller løysingar på problemet.

Å gje eit fattig barn i Afrika eit par sko gjer at vi føler oss bra, men det er ei kortsiktig løysing, og stiller ikkje spørsmålet om kvifor nemnt barn ikkje har sko. TOMS er for det første ikkje dei mest passande skoa for barn som stadig spring rundt, eller bur i område med mykje nedbør – og dei vil raskt falle frå kvarandre. Barn veks òg fort og desse skoa vil ikkje vara spesielt lenge, då er ein tilbake til start utan eigenleg å ha endra noko som helst. Dei som «vert hjelpt» av TOMS, vil ikkje på lang sikt vera meir i stand til å kjøpa sko, eller løyse nokre av problema samfunnet deira opplever, enn dei var før.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Dei som arbeider med fri vilje og utvikling og investerer liva sine i dei som treng det mest, forstår at for å utrydda dei store humanitære krisene i tida vår, treng vi meir enn berre ressursar og engasjement, det er behov for ein djupare, meir heilskapleg forståing av lokale samanhengar – noko som er tydeleg fråverande i kjøp for å gi-innsatsen. For å kunna oppnå positive resultat, må endringsstrategiane byggast på informative og berekraftige fundament, ikkje kortsikta idear som fokuserer på forbrukaren, eller umiddelbar forteneste.

Det kan sjå ut som at selskap som TOMS som tener på Kjøp ein, gje ein modellen ikkje vart laga for å forbetra økonomien i utviklingsland, men snarare for å få vestlege forbrukarar til å føla seg bra når dei kjøper produkta deira. Dette er ein lett konklusjon å koma fram til dersom ein ser på bakgrunnshistoria for TOMS. Grunnleggaren Blake Mycoskie seier at berrføtte barn i Argentina opna auga hans for behovet for sko. Problemet er at Mycoskie ikkje spurde landsbybuarane om kva dei hadde størst behov for, ei snakka han med ekspertar om korleis ein kan løfta landsbyar ut av langsiktig fattigdom. Nei, han bygde eit selskap som kjendest godt, og det var bra nok for han og det er bra nok for TOMS sin forbrukarar. Men når samfunnet ikkje er med i avgjerda om kva dei treng, er deira verdigheit og potensial for å sleppe unna fattigdommen utrydda.

Sjølv om TOMS Kjøp ein, gje ein modell har hatt ein betydeleg innverknad på det offentlege medvitet av å ta samfunnsansvar, er det vanskeleg å argumentera for at modellen har ført til faktiske sosiale, økonomiske eller helsemessige endringar. Det som manglar frå intensjonen bak desse tiltaka er forståinga for at folk er intelligente nok til å løysa sine eigne problem, og manglar berre ressursane for å handla på løysingar. Viss målet er faktisk sosial endring, er eit strategiskifte nødvendig. Gode intensjonar fører ikkje nødvendigvis til gode resultat, og det kjem til å krevje mykje meir enn å kjøpa seg eit par sommarsko.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags