Insekt er viktigare enn bompengar, eigedomsskatt og ordførarar på jobb!

Insekt døyr ut 8 gongar raskare enn pattedyr, og i løpet av dei neste tiåra risikerer 40 prosent av verdas insektartar å verte utrydda. Det er særs alvorleg. Insekta er heilt essensielle for oss og alt anna liv på jorda.

Insekt døyr ut 8 gongar raskare enn pattedyr, og i løpet av dei neste tiåra risikerer 40 prosent av verdas insektartar å verte utrydda. Det er særs alvorleg. Insekta er heilt essensielle for oss og alt anna liv på jorda. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDagbladet og Aftenposten har dei siste dagane skrive om offentleggjeringa av FNs naturpanel sin omfattande rapport om den globale tilstanden for naturen. Meir enn 150 av verdas fremste naturforskarar har arbeidd i fleire år med å stille saman tilgjengeleg forsking og kunnskap og presenterer sine funn i desse dagar. Men kva snakkar vi om i norske kommunestyre og i lokale medium? Bompengar, meir utbygging og nedbygging av matjord, store vegprosjekt og eigedomsskatt.

Tap av natur og anna miljøøydelegging er ein like stor trussel som klimaendringane. Opp mot ein million artar er truga av utrydding. Slike åtvaringar får oss ofte til å tenkje på isbjørnar, pandaer eller sjimpansar. Desse dyra er søte og lette å engasjere seg for, men trusselen vi står overfor er mykje større. Insekt døyr ut 8 gongar raskare enn pattedyr, og i løpet av dei neste tiåra risikerer 40 prosent av verdas insektartar å verte utrydda. Det er eit urovekkande høgt tal! Insekta er heilt essensielle for oss og alt anna liv på jorda. Dersom vi ikkje klarer å stanse denne utviklinga, vil vi stå overfor ein økologisk kollaps vi ikkje forstår rekkevidda av.

Tap av habitat vert peika på som ei av hovuddrivkreftene bak masseutryddinga. Vi blir fleire og fleire menneske på jorda, samtidig som kvar og ein av oss legg beslag på større areal og fleire ressursar enn nokon gong. Naturområde tapar mot aukande urbanisering og matproduksjon. Insekta mister sine heimar når menneska okkuperer meir og meir vill natur. Naturen tapar mot konsekvensane av vår livsstil.

I staden for å planleggje for nye store vegprosjekt meiner Miljøpartiet Dei Grøne at må vi ruste opp dei vegane vi har og å ta i bruk skipsvegane med nye utsleppsfrie framkomstmidlar. Vi må utvide vernesona i Stølsheimen, stanse oppstykkinga av matjorda, byggje smart og i større grad drive politikk som ikkje går på kostnad av naturen og artsmangfaldet. Vi må avgrense vår arealbruk, innsjå at vår stadig meir ekspansive bruk av bil, båt og hytte er blitt ein trussel for naturen og oss sjølv. Om kort tid vil det vere for seint å snu, då hjelper ikkje monsterbruer, ferjefri E39 eller hytter overalt.

Media har stor definisjonsmakt over kva for saker som vert løfta fram, spesielt i valkampen. Vi har nett lagt bak oss årets strandryddedag som slo rekord i talet frivillege i aksjonen i Meland. Medan over 500 store og små brukte fleire timar førre veke på å rydde opp i ei anna global krise, plastkrisa, valde ei av våre lokale aviser ikkje å ta seg bry med å rapportere om tema i år, men såg det som viktigare å følgje ordførarane «ein dag på jobben».

Eg håpar at valkampen og mediedekninga framover kjem til å handle om meir enn bompengar, eigedomsskatt og ordførarar på jobb.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags