Kommunalt reinhald må utførast av kommunalt tilsette

– Arbeidarpartiet meiner at kommunestyret i Meland må seie nei til vidare konkurranseutsetjing og ja til å ta tilbake reinhaldet, skriv Øyvind H Oddekalv i dette debattinnlegget.

– Arbeidarpartiet meiner at kommunestyret i Meland må seie nei til vidare konkurranseutsetjing og ja til å ta tilbake reinhaldet, skriv Øyvind H Oddekalv i dette debattinnlegget. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOnsdag 15. mai skal Meland kommunestyre avgjere om ein skal vidareføre ordninga der ein del av det kommunale reinhaldet skal vere konkurranseutsett. Det gjeld reinhaldet på skular, barnehagen, biblioteket, rådhuset og driftsstasjonar. For Alver Arbeidarparti er det openberre grunnar til at dette bør skje i eigenregi, slik ein gjer med reinhaldet på sjukeheimen, legekontoret, helsestasjonen og det som elles høyrer til pleie og omsorg. Og som ein gjer med alt kommunalt reinhald i både Radøy kommune og Lindås kommune.

Det var i budsjettvedtaket i desember 2012 at H, FrP, V og KrF tok avgjerda om at ein ville at det kommunale reinhaldet i Meland kommune skulle konkurranseutsetjast. Og frå februar 2014 var det eit faktum for dei einingane som ein no ønskjer å lyse ut nytt anbod for. 5-årskontrakten som då vart inngått, gjekk eigentleg ut i februar i år, men Meland kommune hadde hausten 2017 administrativt forlenga kontraktperioden ut 2019, utan at dette vart kommunisert til verken tillitsvalde eller til politikarane i kommunen. Dette har Fagforbundet vore kritiske til og kravde drøftingar etter hovudavtalen om saka.

Og derfor nytta 13 av dei 27 kommunestyremedlemmene i Meland (AP, Sp, MDG og BLF) retten til å krevje ei sak behandla i kommunestyret (§ 32 nr 1 i kommunelova), og saka kjem opp i mai-møtet. Men Arbeidarpartiet meiner saka burde vore send til politisk behandling i god tid før kontrakten gjekk ut i februar.

Kvifor ønskjer vi å avslutte konkurranseutsetjing av reinhaldet? Reinhald er eit av dei aller viktigaste miljøtiltaka ein har på ein kvar arbeidsplass. Reinhald handlar om helse, miljø og tryggleik, det er så grunnleggjande at vi meiner kommunen bør drifte sitt eige reinhald.

Hovudgrunnen til å drive reinhald, og andre grunnleggjande kommunale tenester, i eigenregi er at vi får eit meir langsiktig og heilskapleg perspektiv når vi skal arbeide med kvaliteten på tenestene. På t.d. skulane vil fast tilsette reinhaldarar få ein nærleik til brukarane som gir betre fleksibilitet. Ved å ha faste møte med rektorane vil ein lett fange opp om noko må endrast eller ikkje fungerer som det skal. Og kan eksterne tilsette følgje opp krava til handlingsplikt mot krenkingar, som mobbing o.l., i opplæringslova § 9 A på ein god måte?

Hovudargumentet for konkurranseutsetjing er at kommunen sparar pengar. Talgrunnlaget som blir lagt fram i sakspapira er spinkelt. Kva er kostnadane til kontroll og kontraktsoppfølging? Vi hugsar frå saka om anbod i NGIR at mykje ressursar vart brukt til dette. Og kva er terskelen for å fakturere ekstra? Erfaringar andre stader viser at denne gjerne er låg. For at eit privat firma skal vere konkurransedyktig og vinne anbod må ein vere billigare enn andre. Og einaste måten å vere billigare på er å spare tid, løn og pensjon. Reinhaldarar er ikkje dei som tener mest, derfor er det viktig at dei har best mogleg løns-, arbeids- og pensjonsvilkår. Arbeidarpartiet er ikkje villige til å la dei tilsette sine vilkår vere det som salderer det kommunale budsjettet.

I Radøy kommune og Lindås kommune blir alt kommunalt reinhald utført i eigenregi, det vil vere ein klar føremon om den nye kommunen kan ha ei heilskapleg tilnærming til reinhaldstenesta i kommunen frå starten.

Alt dette peikar i same retning, at reinhaldet i kommunen må utførast av kommunalt tilsette. Derfor meiner Arbeidarpartiet at kommunestyret i Meland må seie nei til vidare konkurranseutsetjing og ja til å ta tilbake reinhaldet på møtet 15. mai.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags