Gå til sidens hovedinnhold

«I vår del av verda skal me for alltid vera avhengig av ferje»

Artikkelen er over 3 år gammel

«Ta heile landet i bruk», sa dei. I praksis gjeld ikkje honnørorda, i alle fall ikkje i Masfjorden, og i alle fall ikkje når det er snakk om bru.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For ikkje mange vekene sidan var det valkamp. Kamp mot sentralisering var viktig for fleire parti. Sp og KrF var mellom dei. Ta heile landet i bruk, sa dei.

No er valet over og den politiske kvardagen tilbake. Men me som trudde på dei store orda om å ta heile landet i bruk, sit såra og vonbrotne att. For vyene om å satsa på utkantane gjeld ikkje i Hordaland fylkesting. Når det kjem til realitetane, er alt som før. I praksis gjeld ikkje honnørorda, i alle fall ikkje i Masfjorden, og i alle fall ikkje når det er snakk om bru. Ferjefritt skal det bli både her og der, men i vår del av verda skal me for alltid vera avhengig av ferje. Ein skulle tru at desse såkalla distriktsvenlege partia i brusaka hadde fått ein gyllen sjanse til å visa at dei verkeleg står for det dei seier, men den greip dei aldri.

Tenk på alle verdiane som blir skapte i utkantane og langs kysten, høyrde me i valkampen. Alle er samde om at det er her det skjer. Men å bygga bru over fjorden slik at ein kan letta kvardagen for dei verksemdene som skaper og transporterer desse verdiane, det kan ein ikkje gå inn for. Det hjelper ikkje at stat, kommune og trafikantar skal betala heile gildet. Fylkeskommunen er imot, både politisk og administrativt, nærast av prinsipp, får ein inntrykk av.

Les også

– Kvifor har ikkje Masfjorden normale vegar og tunnelar?

 

Og argumentasjonen er slik at ein knapt trur det ein høyrer: dei kan ikkje gå inn for bru no fordi ein då må rekna med å utbetra tilførselsvegane etterpå! Ikkje nok med at me alltid skal vera avhengig av ferja, fylkespolitikarane meiner visst òg at vegane våre skal liggja som dei no gjer til evig tid.

Me vil i det lengste tru på dei som seier dei vil satsa på utkantane. Men det er ikkje lett når dei partia som heldt den fana høgt i valkampen, sviktar totalt når dei blir sett på prøve etterpå.

Alf Strand

 

Når ein tenkjer på kva Masfjorden gjennom tiår har ytt til fellesskapet i form av kraftinntekter til fylkeskommunen, burde fylkespolitikarane eigentleg skamma seg når dei tenkjer slik! Me hadde fått gjort litt med tilførslevegane for dei kronene.

Me vil i det lengste tru på dei som seier dei vil satsa på utkantane. Men det er ikkje lett når dei partia som heldt den fana høgt i valkampen, sviktar totalt når dei blir sett på prøve etterpå. Då stemmer ikkje liv og lære. Me såg det i tannlegesaka i vinter, no rammar det oss på nytt i brusaka. Me bur for langt borte frå sentrum når valkampen er over.

KrF og Sp har denne eine sjansen til å visa at dei er til å stola på, eller om slagorda frå valkampen berre var valflesk. Og om dei lurer på korleis saka om ferjeavløysingsmidlar skal handterast, kan dei ta kontakt med sine partifeller i Sogn og Fjordane. Der er det ei heilt anna og offensiv haldning: Dette skal me utnytta fullt ut og få bygd dei bruene me elles aldri vil få pengar til!

Les også

No kjem Masfjordbrua ut på høyring

 

Kommentarer til denne saken