Plast i havet er alle sitt ansvar

Børje Møster har kvitta seg med hus, heim og aksjar for å segle opp og ned langs kysten og plukke plast. Å få bukt med dette er alle sitt ansvar, alle kan gjera litt.

Børje Møster har kvitta seg med hus, heim og aksjar for å segle opp og ned langs kysten og plukke plast. Å få bukt med dette er alle sitt ansvar, alle kan gjera litt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leiar 

Tidlegare denne veka kunne du lesa om Børje Møster som har kvitta seg med hus, heim og aksjar for å segle opp og ned langs kysten og plukke plast.

Prosjektet har namnet «In the Same Boat», og er eit ekte grasrotprosjekt, tufta på idealisme og frivillig innsats. Ungdommar kjem inn frå alle verdshjørne for å vera med. Dei får kost og losji, medan lønna er opplevingar for livet. Heller ikkje Møster tek ut lønn for jobben, heller tvert i mot.

Møster har brukt eigne middel for å bokstaveleg talt halde skuta flytande, men har eit ønske om og tru på at prosjektet skal bli finansiert gjennom støtte og sponsorar på sikt.

Det offentlege går også inn med midlar, som vi skriv i dagens avis har Bergen og Omegn friluftsråd fått fem millionar kroner til sitt prosjekt. Søknaden var på mykje meir, og løyvinga gjer at dei må redusera innsatsen i høve til planane.

Skal vi lykkast i kampen mot marin forsøpling må det midlar til. Her bør vi som eit av verdas rikaste land gå føre med eit godt døme og bidra så det monnar.

Men det er ikkje berre det offentlege som må gjera sitt for at denne kampen skal vinnast, her må det haldningsendringar til. Ikkje alle kan selja hus og heim for å plukka plast langs strendene, men alle kan gjera ein skilnad.

På Frekhaug har til dømes Cathrine Fransiska Hagesæter tatt ansvar og ryddar opp i si lokale vik. I sosiale medium oppfordrar ho andre til å gjera sitt. «Viss vi klarer og bera det med oss på tur, klarer vi fint og bera det med heim igjen og. Hugs at det kjem mange etter deg som også vil nyta naturen», er hennar klare oppfordring.

Ta med deg ein pose i jakkelomma, og legg turen til strandkanten i det fine vêret. Å få bukt med dette er alle sitt ansvar, alle kan gjera litt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags