Kva signaliserer framlegget frå prosjektansvarleg Raknes i høve tildeling av midlar til kyrkjeleg fellesråd?

Den kyrkjelege fellesnemda er uroa over framlegget frå prosjektansvarleg Raknes i høve tildeling av midlar til kyrkjeleg fellesråd.

Den kyrkjelege fellesnemda er uroa over framlegget frå prosjektansvarleg Raknes i høve tildeling av midlar til kyrkjeleg fellesråd. Foto:

Av
DEL

Meiningar:Kommunane Lindås, Radøy og Meland slår seg saman frå 01.01.2020, og som følgje av dette vert fellesrådsområda også slått saman. Samanslåinga følgjer dei same prinsippa som kommunesamanslåinga, og det er oppretta ei kyrkjeleg fellesnemd og førebudd prosjektorganisasjon.

Kostnaden med samanslåing av fellesråda skal dekkast av midlar som kommunal fellesnemd har fått tilført, ref.i pkt 7.9 i departementets veileder «Utgifter til samanslåing av kirkelige fellesråd dekkes innenfor departementets støtte til dekning av kommunens engangskostnader i reformen.»

Det er 5 stabar med i overkant av 36 medarbeidarar, samt 9 prestar, fleire kyrkjelege råd med sine folkevalde, fleire hundre frivillige medarbeidarar, 14 kyrkjebygg og 25 gravplassar som skal samlast i ein ny organisasjon.

Følgjande er viktig i samanslåingsprosessen:

1. kulturbygging, harmonisering og føremålstenleg drift og organisering.

2. Digitale system og IKT løysingar som gir effektiv drift og publikumshandsaming.

Kyrkja skal avslutta tre organisasjonar og byggja ein ny ; og arkiv og rekneskap skal avsluttast og tilsette frå tre organisasjonar med kvar sin måte å gjera ting på skal samarbeida og finna fram til ein felles måte å gjera tinga på.

Dei største postane er lønnsutgifter til prosjektansvarleg, harmonisering av IKT plattform, samt system for post, arkiv og sakshandsaming.

Kyrkjeleg fellesråd søkjer om ei rammeløyving på kr 2 404 816,- for heile prosjektorganisasjonen frå november 2017 til og med desember 2018. Framlegget frå prosjektansvarleg er kr 1 200 000,- , noko som kan bety at vi ikkje får gjort den jobben som skal gjerast både i høve IKT, arkiv, og elles harmonisering og tilpassing av tre kyrkjelege administrasjonar.

Rådmannen signaliserer at ein må ta meirabeidet og kostanden med organisasjonsendringane innanfor noverande kyrkjeadministrasjonar utan å ta inn over seg at vi er ein liten organisasjon der prioriteringane alt er stramme og ressursane knappe i høve den store kommuneadministrasjonen.

Kyrkjeleg fellesnemd har budsjettert med 0,5 stilling i 2 år, og rådmannen føreslår 0.5 stilling i 1 år. Vi må kompensera auka arbeid for dei tilsette i fellesråda. Kommunen har til samanlikning rekna seg frikjøp av 6 toppleiarar til 6,8 mill, frikjøp av tillitsvalde, 1,25 mill + programkontor og prosjektbemanning til 11.5 mill.

Vi ynskjer at politikarane tar inn over seg at den kyrkjelege organisasjonen står overfor dei same utfordringane som kommunane, med klart knappare ressursar til å gjere dette arbeidet både i reine kroner og på den personalmessige sida, og at ein som følgje av dette aukar løyvingane til kyrkja. Kyrkja er til stades for folk i milepælane i livet, og vi har alle forventningar om at kyrkja fungerer som den skal.

Grethe Lunde, leiar for kyrkjeleg fellesnemd

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags