Har nokon tenkt på dei reisande?

No blir det slutt på at ferja ventar på ein bilist som på grunn av dårleg føre er to minuttar for sein og må venta ein time på neste ferje. Slutt på at ferja ventar på bussen eller at bussen ventar på ferja, skriv Alf Strand i dette innlegget.

No blir det slutt på at ferja ventar på ein bilist som på grunn av dårleg føre er to minuttar for sein og må venta ein time på neste ferje. Slutt på at ferja ventar på bussen eller at bussen ventar på ferja, skriv Alf Strand i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev:«Frå nyåret (01.01.19) startar Wergeland A/S ny kontraktsperiode med Skyss. For å møte vilkåra, vert det naudsynt med nokre endringar.» Slik står det å lesa i informasjonen som er lagd ut på Masfjorden kommune sine heimesider og utdelt til alle reisande på ferja Masfjordnes – Duesund. Vidare heiter det at: «Det vert eit særs fokus på rutetida, det vil ikkje lenger vere mogleg å be ferja om å vente.»

Ja, det må vedgåast at me har vore bortskjemde med eit ferjemannskap og eit selskap som har vore fleksible og innstilte på å yta god service. Ferja har vore til for dei reisande.

No blir det slutt på at ferja ventar på ein bilist som på grunn av dårleg føre er to minuttar for sein og må venta ein time på neste ferje. Slutt på at ferja ventar på bussen eller at bussen ventar på ferja. Ferja skal gå på minuttet, bussen skal gå på oppsett avgangstid, elles blir det bot.

Om passasjerane står att på kaia og må venta 12 timar på neste buss, betyr ingen ting. Eg kan skjønna at dette minutt-tyranniet med bøter kan fungera i tettbygde strøk der neste buss eller bane kjem om 5 minutt.

Men i Masfjorden der siste bussen til Bergen går frå Masfjordnes kl. 16.43 (to minuttfør ferja kjem til kai), og den neste kl. 06.50 neste dag? Er det verkeleg dette Skyss har å tilby? Er det slik ein skal driva kollektivtrafikk i utkantane i 2019? Er det ingen fylkespolitikarar som ser at dette blir gale?

Alf Strand

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags