For mykje «Møllers tran», ordførarar?

Nils Marton Aadland

Nils Marton Aadland Foto:

Av
DEL

LesarbrevUnder overskrifta «Du kan betre enn dette, Nils Marton. Jobb saman med oss, ikkje prøv å ta billege poeng, det er for lettvint» går dei tre ordførarane i Lindås, Meland og Radøy går til eit verbalt åtak på underteikna. Det underlege er at dei angrip uttaler korkje eg eller Høgre har gitt.

Innlegget frå underteikna og Thomas Larsen (2. kandidat Alver Høgre) i Nh 18. juni har openbart falle dei tre ordførarane tungt for brystet. Ja, så tungt at dei kommenterer og kritiserer påstandar som ikkje finst i innlegget!
Byrådet i Bergen (Ap, KrF og V) sitt framlegg om å flytte bomstasjonar i Åsane skapte naturleg nok sterke reaksjonar i Nordhordland. Det er eit faktum at Høgre sa nei til dette frå dag ein.

Det er også eit faktum at det var Høgre som tok opp denne saka i Meland kommunestyre, Lindås kommunestyre, fellesnemnda for Alver og Hordaland fylkesutval, og at ei samla Høgre-gruppe i fylkestinget avviste byrådet sitt framlegg om å sende bompengerekninga til trafikkantar i Nordhordland. I fylkestinget stemte derimot heile Ap-gruppa for å flytte bomstasjonane til Nordhordlandsbrua, medan KrF og Sp sine grupper var delt i saka.

Dei tre ordførarane skriv mellom anna i innlegget sitt følgjande:
«Vi tillèt oss å måtta peika på at Nils Marton Aadland i svaret strekkjer sanninga litt lengre enn godt er. Han tek æra for vedtaka i dei fylkeskommunale organa, særleg MISA (miljø- og samferdsleutvalet), der han ikkje deltok, men der Astrid og Jon var sentrale i å få til det vi kallar prosessvedtak, og elles viser ymse medieoppslag korleis fylkespolitikarane handterte saka».

Spørsmålet mitt blir; kor i alle dagar tek de desse påstandane frå? Det er heilt greitt å koma med sakleg kritikk, men eg forventar at tre ordførarar held seg for god til å koma med heilt ugrunna kritikk og personåtak.

Det er derimot heilt rett at underteikna blei invitert til møte med dei tre ordførarane for å sjå på ei løysing med berre eitt felles bomssnitt på Nordhordlandsbrua, altså ei samordning av bompengeinntektene for å kutte dei andre bomstasjonane i Nordhordlandspakken.
Det er også i tråd med den samrøystes uttalen frå fellesnemnda for Alver, noko vi også skreiv i vårt innlegg. Utfordringa er kva alternativ vi kan få til dersom ei slik samordning ikkje blir realisert. Det er noko alle parti i Alver bør vurdere.

Dei tre ordførarane manar også til samhald. Ja, samhald er viktig for å nå felles mål til beste for innbyggjarar og næringsliv. Eg vil berre minna om kva vi faktisk skeiv i innlegget, som openbart har falle dei tre ordførarane tungt for brystet. Der kom følgjande fram:
«Alver Høgre har i fire politiske ulike politiske fora jobba for et konkret uttale. I fellesnemnda fekk vi det til med godt, tverrpolitisk handtverk».

Eg har elles merka meg at ordføraren i Lindås i Nh 13. mai mante til ein ryddig valkamp, mellom anna utan personåtak. Det er eit godt råd som alle dei tre ordførarane bør leggja seg på minnet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags