Eigedomsskatten på hus og hytter skal vekk frå dag 1

Øyvind Oddekalv, ordførarkandidat for Alver Arbeidarparti, under valdebatt på Knarvik vidaregåande skule.

Øyvind Oddekalv, ordførarkandidat for Alver Arbeidarparti, under valdebatt på Knarvik vidaregåande skule. Foto:

Av
DEL

MeiningarI møte med veljarane i den nye kommunen blir vi fortald at dei har høyrt at eigedomsskatten på hus og hytter skal halde fram i Meland og Radøy, etter 1.1.2020. Dette ryktet skriv og KrF om i eit lesarbrev 26. august. Vi kan berre gjette kven som ser seg tent med å setje ut slike rykte.

Samstundes meiner avisa Nordhordland på leiarplass 27. august at «fleire politikarar» var utydelege i debatten i Knarren i forrige veke om same sak. Dei hevdar og at intensjonsavtalen er «uklar», noko eg er ueinig i.

Eg var tydeleg i debatten, slik Alver AP er det i programmet vårt. Eigedomsskatten på hus og hytter skal vekk i heile den nye kommunen frå dag 1!

Den nye kommunen vil ha ein skatt på verk og bruk på over kr 150 mill., og sjølv om skatten på verk og bruk skal fasast ut er det vedtatt ei kompensasjonsordning som sikrar det aller, aller meste av desse inntektene. Dette vil gi Alver kommune ein god start, og eit utgangspunkt mange kommunar berre kan misunne oss.

Og dette gjer oss i Alver AP trygg på at intensjonsavtalen kan oppfyllast på dette punktet, eigedomsskatten på hus og hytter skal vekk i heile den nye kommunen frå dag 1!

Øyvind H Oddekalv
ordførarkandidat, Alver Arbeidarparti

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags