Bukken og havresekken i Alver kommune?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det å byggja Alver kommune er ein stor jobb. Til samanslåingsprosessen er det samla kome 55 millionar frå Staten i eingongsstønad og reformstønad. Dette kan høyrast ut som mykje pengar, men i høve til alt arbeidet som må gjerast, er det likevel truleg ikkje nok. Difor har det heile tida vore kommunisert at alle i kommuneorganisasjonane må vere med og dra lasset, og at det for mange vil bli ein god del dugnadsarbeid. Særskilt blir det mykje ekstra på alle dei leiarane og hovudtillitsvalde som skal bemanna og driva fram dei om lag 100 ulike prosjekta som trengst for å kome i mål på ein god måte og til rett tid. Det vil i liten grad vere mogleg å skrive overtid, og det er ikkje tid til å ta ut avspasering.

Blant leiarar og tillitsvalde har det vore ei felles forståing om at sånn må det vera, for det viktigaste er å ha pengar til sjølve samanslåinga. Det trengst ekstra administrativ kapasitet, og digital samanslåing kostar enorme summar, for å nemne noko.

Dei som derimot ikkje verkar å villa ta del i dugnaden, er fleirtalet av dei politikarane som sit i Fellesnemnda, og som styrer pengesekken. Frå før har dei løyvt seg sjølv møtehonorar på 1000,- pr møte i Fellesnemnda og alle tilhøyrande utval, uavhengig av lengda på møta. Måndag 7. mai vedtok eit fleirtal i Fellesnemnda beståande av H, FrP, SP og V, at det av potten som er avsett til bygginga av Alver kommune skal løyvast pengar til å byggja deira eigne politiske parti. Summen vil dei koma tilbake til i Fellesnemnda sitt junimøte.

Det mangla ikkje på åtvaringar mot dette vedtaket. Difor var AP og KrF fornuftige nok til å stemma nei. Kommunaldepartementet hadde på førehand sagt at det ikkje var dette pengane var tiltenkt. Programansvarlege (rådmannen) åtvara om at digital samanslåing og bygginga av felles arkiv ser ut til å kosta ein god del meir enn tidlegare antyda, og at dei 55 millionane såleis knapt rekk til det som er kjerneoppgåvene for samanslåinga. Dei tilsette sine organisasjonar hadde på førehand levert inn følgjande innspel i saksdokumenta til møtet: «Dersom Fellesnemnda vedtek at dei politiske partia skal få økonomisk støtte til samanslåing, må Fellesnemnda òg vedta at arbeidstakarorganisasjonane får tilsvarande støtte. Vi oppmodar Fellesnemnda til å stemme nei både til partistøtte og til vårt krav.»

Kor umusikalsk er det mogleg å vere?

For å omskriva det litt: Dette handlar om at eit fleirtal i verksemda sitt styre (H, FrP, SP og V) set seg sjølv og sine eigne interesser høgare enn tilrådingane frå eigaren (Kommunaldepartementet), dagleg leiar (programansvarleg/rådmann) og dei tilsette (ved HTV), samt høgare enn dei tenestene verksemda skal byggja og utvikla til beste for sine kundar (innbyggjarane).

Vedtaket har ein enorm signaleffekt. Kvifor skal alle andre jobba ekstra utan godtgjering, når politikarane som styrar pengesekken grev mest mogleg til seg sjølv? H, FrP, SP og V har etter vår meining no påført seg sjølve eit stort omdømetap gjennom eit særs uklokt vedtak. Dei bør tenkja seg godt om fram mot Fellesnemnda sitt junimøte. Dei har då høve til å gjere om på vedtaket. Det bør vere eit tankekors for nokon og ein kvar at leiarane og dei tilsette sine organisasjonar i høve til både budsjettet og den store jobben som skal gjerast, her opptrer vesentleg meir ansvarleg enn det politiske fleirtalet.

Jarle Næss, koordinerande HTV og HTV Utdanningsforbundet Lindås

Liv Berit Haukås og Solveig Laumark-Møller, HTV Fagforbundet Lindås

Anita Dale, HTV Fagforbundet Meland

Rosalind Instebø, HTV Fagforbundet Radøy

Elisabeth Bygstad, HTV Utdanningsforbundet Radøy

Adolf Hovgaard, HTV Utdanningsforbundet Meland

Elisabeth Øye Halle, Norsk Sykepleierforbund Lindås

Kristine Hordvik, HTV Norsk Sykepleierforbund Meland

Mary Jorunn Seljevoll, Fellestillitsvald Akademikerne Lindås

Marianne Bratshaug, HTV FO Meland

Marita Gudvangen, HTV FO Lindås

Bente Zakariassen, HTV Delta Lindås

John Petter Wadseth, HTV Norsk psykologforening Lindås

Erik Knag Johannessen, HTV Juristforbundet Meland

Merethe Tvedt, HTV NITO Meland

Berit Eskeland, HTV Naturviterne Meland

Lisbeth Øren Austgulen, Den norske jordmorforening Meland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken