Goman Rognaldsen må starta opp att!

Goman Rognaldsen har 81 tilsette, no seier Coop at det ikkje er sikkert at dei får starta opp att etter dei sjokkerande funna frå Mattilsynet.

Goman Rognaldsen har 81 tilsette, no seier Coop at det ikkje er sikkert at dei får starta opp att etter dei sjokkerande funna frå Mattilsynet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg les i avisa at kommunikasjonsdirektøren i Coop ikkje garanterer at Coop kjem til å starta opp att produksjonen ved Goman Rognaldsen på Lindås.

Det vil i så fall bety at me misser 81 arbeidsplassar i Nordhordland. Det kan me ikkje godta. Som medlem og såleis medeigar i Coop og som innbyggjar i Nordhordland krev eg at Coop får orden på Goman Rognaldsen og vidarefører produksjonen ved bakeriet på Lindås i tråd med lovar og reglar for slik produksjon. Me har få næringsmiddelverksemder i Nordhordland og for å sikra eit variert arbeidsliv i regionen, må me ta vare på dei verksemdene me har.

Eg les også at dei 81 tilsette har ei blanding av kortvarige og langvarige kontraktar. Som arbeidarpolitikar reagerer eg kraftig på dette. Hovudregelen må vera at dei tilsette har faste stillingar i ei verksemd som har så føreseieleg produksjon som eit bakeri i ei stor butikkjede har. Å driva med mellombels tilsette på korte kontraktar høyrer ikkje heime i Norge i 2018. Gje dei tilsette skikkelege kontraktar og arbeidsforhold og sørg for at bakeriet vert drive slik kundane forventar at ei seriøs næringsmiddelverksemd vert driven i 2018.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags