– Er ein heldig og får vera med, er usikkerheita der. Kjem ein seg heim igjen?

Skal du ta buss frå Bergen til Indre Masfjorden, må du ta Fjordekspressen. Skyss har ikkje ein einaste rute den vegen, seier Masfjorden Pensjonistlag.

Skal du ta buss frå Bergen til Indre Masfjorden, må du ta Fjordekspressen. Skyss har ikkje ein einaste rute den vegen, seier Masfjorden Pensjonistlag. Foto:

Av

Sentraliseringen som har vore dei siste åra, gjer at innbyggjaren har fått eit auka behov for å reise til Knarvik/Bergen, eksempel til legetime, tannlege mm. I desse klimatider bør ein også bruke buss. Problemet vårt er at det ikkje er bussruter som er tilpassa innbyggjaranes behov.

DEL

Lesarbrev

Sidan E39 går gjennom Indre Masfjorden, er det Norway Ekspressbussen som har rute forbi her. Skyss har ein bussavgang, men berre når det er skuledagar. Den startar på Haugsvær kl. 06:05, og etter to bussbyte er me i Bergen ca. kl. 09:00. Neste buss er Fjordekspressen som går 10:40 og er i Bergen ca. 12:30. Tidlegare hadde me Sognebussen som gjekk 08:45 og var i Bergen 10:20. Den forsvann i juni 2018. Dette var ein buss som fleire, spesielt eldre sør for Sognefjorden, hadde stor nytte av.

Skal du ta buss frå Bergen til Indre Masfjorden, må du ta Fjordekspressen. Skyss har ikkje ein einaste rute den vegen. Dette skaper eit nytt problem. Sidan det vart oppretta skyssonar, er taksten mykje billigare viss ein brukar Skyss sin billett-app enn om du kjøper billett på bussen. Frå 1/1-2019 fjerna Fjordekspressen plassgarantien på sine bussar. Viss ein vil ha sikkert plass, må ein bestille og betala billetten på nett. Dette må gjerast i god tid på førehand. Dette gjeld også returen. Då får ein 30 % på full pris. Dersom ein møte opp på haldeplassen med skyss-app, får ein likevel ikkje bli med viss bussen er full. Er ein heldig og får vera med, er usikkerheita der. Kjem ein seg heim att?

Kva med dei eldre som ikkje har desse nye mobiltelefonane med apper, men berre ein vanleg mobil? Myndigheitene forventar at me skal klare oss sjølv, og bu heime lengst mogleg. No blir det til at me lever i usikkerheit om me kan komma oss til både tannlege og andre nødvendige ærend i Knarvik/Bergen. Det ser ut som om nokon tenkjar at når dei ikkje følger med i den digitale utviklinga, kan dei berre sitja der og takke seg sjølv for det!

Er det ikkje mogleg å bestille plass pr. telefon nokre dagar på førehand? I «gamle dagar» kunne ein gå opp på BNT sitt kontor i Strandgaten. Og bestille plass til bil på ferjene, eller på telefon. Det gjekk heilt fint, så det må vel også kunne gjerast i desse moderne tider? Om ein ikkje får 30 % rabatt, er det betre enn å vera utan plassgaranti.
Folk som bor på Solheim eller i Haugsdal, må ha privat skyss til Fjordekspressen. Frå Indre Haugsdal går det berre ein rutebuss, kl. 06:35 via Duesund, og ein kjem til Bergen etter 3,5 time! Her er det heller ingen retur.

Me håpar at Skyss vil ta detta på alvor ved å forbetre rutetilbodet, gjera billettkjøpet enklare og sikre alle passasjerane plass på bussen!

Masfjorden Pensjonistlag

Dagny Brundtland Haugsvær

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags