Svindelforsøk fra BKK og Fjordkraft?

Alle norske husstandar skal få ny, automatisk straummålar. No viser det seg at det er feil på mange av dei som alt er skifta.

Alle norske husstandar skal få ny, automatisk straummålar. No viser det seg at det er feil på mange av dei som alt er skifta. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOpe brev til BKK og Fjordkraft, avdi det ikkje er råd å få svar frå desse.

Her til lands har ein innført nye straummålarar som skal vera sjølvavlesande, og me som forbrukarar av straum skal sleppa lesa av og senda inn målarstand. Dette skal og vera enklare for BKK og kraftleverandør - i mitt tilfelle Fjordkraft, og dei skal kunna få bedre kontroll over forbruksmønster. Ikkje minst skal ein unngå feilavlesningar, medvite eller ikkje.

Sjølv er eg nokså medviten på straumsparing, og det siste året har eg vore endå meir medviten på dette, og har, dersom BKK sin siste avlesning er rett, skal eg ha spart i snitt 100 kwh kvar månad siste halvåret, jamført med tidlegare forbruk. Storleg undrande vart eg då straumrekninga for februar var tredobla i høve til vanleg forbruk. Då eg studerte rekninga frå Fjordkraft, vart eg forfærd, avdi eg dei ti fyrste dagane i februar skulle ha brukt mest 3000 kwh, mot eit normalt månadsnitt for februar på noko over 1000 kwh. Og dette vart avrekna til vinterens høgaste straumpris.

Då eg kontakta Fjordkraft på chat, fekk eg vita at BKK hadde stipulert mitt forbruk sidan juni 2018, og at avviket vart oppdaga og retta opp pr 28.februar. Dette var nytt for meg, for ikkje kunne eg av rekningane sjå at avlesinga tidlegare var stipulert, og ikkje står det målarstand på rekninga, berre forbruk. Fakturaene har ikkje vore mogeleg å tyda som stipulerte, då det ikkje er runde tal, men tal som ein tolkar som avleste.

Svararen for Fjordkraft kunne ikkje gjera noko med rekninga, sidan det var BKK som gav dei tala dei skulle sende faktura for. Eg har sendt epost til BKK, då dei ikkje har anna kundeservice utanom telefon, som det er mest uråd å koma til på. Då fekk eg eit automatisk svar med saksnummer. Ikkje svar innan rimeleg tid. Etter ei veke har eg purra. Heller ikkje no eit rimeleg svar. Eg har no gått igjennom alle faktura, og fordelt differansen på alle månader bakover til juni så godt det let seg gjera, og freista gjera rett for meg. Ikkje veit eg om eg gjer rett, men eg kom til at eg er fakturert minst 1000 kr for mykje.

Eg har då desse spørsmåla til BKK og Fjordkraft: 1. Dersom den nye målaren ikkje har fungert som den skal, kvifor har eg ikkje fenge melding om å avlesa manuelt? 2. Når feilen kom for ein dag, kvifor har ikkje BKK/Fjordkraft fordelt avviket jamt bakover og samanlikna med tidlegare forbruk,og etterrekna avviket på stipulert forbruk slik at det vart omlag rett? 3. Dette gjeld visstnok fleire enn meg. Kvifor har ikkje BKK/Fjordkraft informert offentleg om dette? Og til den enkelte kunde? Det er enkelt med epost og SMS idag. 4. Kvifor har Fjordkraft ført avviket på den dyraste prisen for vinteren? 5. Er dette eit forsøk på å svindla folk som ikkje kontrollerer faktura?

Eg er ikkje den som øser meg opp over småbeløp, men dette var for drøyt. Eg utbed meg ei orsaking, ein ny faktura som skal vere omlag rett, og ei forklaring på manglande kundeservice frå BKK. Det held ikkje å svara med for lite folk i kundeservice, både BKK og me veit at her er det overskot nok til å ansetja fleire! Frå Fjordkraft vil eg ha svar på kvifor dei mot betre vitande let slikt passera, og skuldar på BKK endå dei med eit minimum av vit må sjå at dette er feil.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags