«Om svaret no er å legga ned UP, er det spørsmålet det er noko gale med»

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevI Noreg har det vore ei svært positiv utvikling i reduksjon av talet drepne og hardt skadde i vegtrafikken over tid, sjølv om det enno er alt for mange som vert ramma.

I Hordaland har ikkje utviklinga vore like gunstig som den har vore nasjonalt, trass i at det også hjå oss har vore ein markant nedgang. Med dårlege fylkesvegar fleire stader i fylket, og ikkje minst ulykkesutsette strekningar som E39 i Sunnhordland og Nordhordland og E16 mellom Bergen og Voss, er Hordaland eit sårbart fylke som ofte har låge på ulykkestoppen. Difor er me også avhengig av dei effektive verkemidla me har til rådvelde.

At politiet prioriterer trafikksikringsarbeidet er eit slikt verkemiddel og i dag står Utrykkingspolitiet (UP) for ein dedikert innsats, med om lag 90 % av kontrollvolumet. Eit regjeringsutnemnt utval, kalla Frøstrup-utvalet, har i NOU 2017: BEDRE BISTAND. BEDRE BEREDSKAP. innstilt på ny organisering av politiet sine særorgan. Innstillinga er sendt på høyring. Eitt av framlegga er at UP vert lagt ned som særorgan, og at trafikkoppgåver vert overført til politidistrikta.

Sjølv om det er mange eldsjeler i politiet som brenn for godt trafikksikringsarbeid, tyder erfaringar på at kontrollinnsats i trafikken vil tapa prioriteringskampen i politidistrikta og at politiet sitt samla kontrollvolum vil bli redusert. Færre kontrollar fører med seg risiko for fleire ulykker. Fylkestrafikksikringsutvalet (FTU) og Trygg Trafikk er blant dei som ikkje ønsker ei slik utvikling.

Å oppretthalda UP har støtte i Politiets Fellesforbund. I samband med høyringa har også seksten landsdekkande organisasjonar gått saman om eitt innspel til Justisdepartementet, m.a. Autoriserte trafikkskolers landsforbund, Norges lastebileier-forbund, Personskadeforbundet, KNA, MA, NAF og Trygg Trafikk. Det same har Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland gjort. Argumenta er tydelege nok: Erfaringar tyder på at me treng UP, forsking tyder på at me treng UP, arbeidet med nullvisjonen vidare tyder på at me treng UP. Om svaret no er å legga ned UP, er det spørsmålet det er noko gale med.

Om spørsmålet derimot er korleis me skal halda fram med å redusera talet drepne og hardt skadde i vegtrafikken, er svaret enklare: Innsats frå mange er påkravd, effektive tiltak må prioriterast og UP er ein sjølvsagt del av dette. Difor meiner også FTU at det er ei styrking av UP sin innsats som burde vore på agendaen, ikkje ei avvikling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags