Bybane til Åsane: Det er inga skam å snu, alternativa må vurderast

Foto:

Av
DEL

LesarbrevBybana i Bergen er særdeles kostbar og gir tilbod til berre ein liten del av innbyggjarane. No er tida moden for å sjå på fullgode, men langt rimelegare alternativ. Dei finst, sjå berre til Trondheim og Stavanger.

Torsdag 9. mai kom det fram at byrået i Bergen (Ap, KrF og Venstre) vil flytte bomstasjonar i Åsane til Nordhordlandsbrua, og dermed skrive ut ein «strileskatt» ved å sende heile bompengerekninga til trafikantar frå Nordhordland. Bompengane skal i all hovudsak gå til bygging og drift av bybana i Bergen.

Dette har ført til sterke reaksjonar i Nordhordland. Høgre var det første partiet som avviste denne ideen. Det er grunn til å stille spørsmålet, kvifor dukkar det stadig opp nye bomstasjonar i Bergen og mot omliggjande kommunegrenser? Jo, årsaka til dette er det svært høge kostnadsnivået knytt til bygging og drift av bybana i Bergen. Difor har Høgre fremja forslag til uttale i Meland kommunestyre/formannskap og i fellesnemnda for Alver om at fylkeskommunen må vurdera fullgode, men mindre kostnadskrevjande alternativ til bybane. Dette har det politiske fleirtalet i Meland og Alver avvist.

Neste planlagde utbygging av bybana er til Åsane. Her er tanken å byggje ei bybane på 10 kilometer. Stortinget har tidlegare fått oppgitt ein kostnad på dette prosjektet på 8 milliardar kroner, før kvalitetssikringsrapportane er gjort. Erfaring tilseier at denne kostnaden er for låg, og at investeringskostnaden for bybane til Åsane vil bli på minst 10 milliardar kroner. Det inneber ein investeringskostnad på 1 million kroner pr. meter skinnegang bybane. I Bergens Tidende 29. november kom det fram at berre 17 prosent av innbyggjarane i Åsane, eller 7000 menneske, vil ha direkte nytte av bybana til den bydelen.

Det er verdt å sjå kva som skjer i andre byområde for å byggja eit godt, tenleg og klimavenleg kollektivnett. I Trondheim blir det no bygt ut eit elektrisk «Metrobusnett» på til saman 45 kilometer til ei totalramme på 2,8 milliardar kroner. Det gir ein investeringskostnad på 62 000 kroner pr. meter – altså meir enn 90 prosent under utbyggingskostnaden for bybane til Åsane. Rundt 40 prosent av innbyggjarane i Trondheim vil ha direkte nytte av «Metrobussnettet». I Trondheim blir det med andre ord bygt eit godt, effektivt og klimavenleg kollektivnett som ein langt større del av innbyggjarane får glede av til ein kostnad som ligg milevis under kostnadsnivået for bybana i Bergen. Det er ikkje underleg at ein der oppe dreg på smilebandet over «Bergens kostnadane».

I Stavanger/Sandnes byggjer dei no ut eit elektrisk «Busway» nett på til saman 50 kilometer til ein kostnad på 10,8 milliard kroner. Det inneber 220.000 kroner pr. løpemeter, altså ein kostnad som ligg vel 75 prosent under bybana til Åsane. Heile 58 prosent av innbyggjarane i dette området vil ha direkte nytte av tilbodet.

No er tida inne for å tenkje alternativt i Bergensområdet. Nokon lever i den villfaringa at regjering og storting har «pålagt» Bergen å byggje bybane. Det er heilt feil. Målet er å etablere eit godt, effektivt og klimavenleg kollektivtilbod. For fleire parti i Bergen og Hordaland kan det sjå ut som at bybana er eit mål i seg sjølv, og ikkje eit verkemiddel for nå desse viktige måla.

Bergen og fylkeskommunen må no utgreie fullgode alternativ som «Metrobuss» eller «Busway». Det vil kunna gi eit betre og langt rimelegare kollektivtilbod til fleire innbyggjarar, også i Nordhordland. I tillegg vil det gi auka økonomisk rom for ei snarleg realisering av eit nytt og framtidsretta vegsystem på E 39, Klauvaneset – Vågsbotn, utan at bilistane blir råka av unødvendig høge bompengar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags