Fingrane av vindfatet!

Naturvernforbundet Nordhordland frarådar at kommunen skal seia ja til vindmøller i Dyrkolbotn.

Naturvernforbundet Nordhordland frarådar at kommunen skal seia ja til vindmøller i Dyrkolbotn. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarNorsk Vind er på friaferd til gunneigarar og kommunar i Nordhordland. Dei sonderer terrenget for å byggja vindkraftanlegg m.a. på Austlendingen i Fjonfjella og nær Dyrkolbotn ved inngangen til Stølsheimen. Norsk Vind har òg følarar på Sandøy trass i at Gulen kommune har vedteke at dei ikkje ønskjer vindkraft der.

Kvifor er friaren ute og rir?

Olje- og energidepartementet har gjev NVE i oppdrag å leia arbeidet med å laga forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land. Den nasjonale ramma skal bestå av to delar; oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknader av vindkraft og kart med utpeiking av dei best eigna områda for vindkraft.

I dette biletet er det naturleg at Norsk Vind og dei andre vindkraftselskapa ønskjer å posisjonera seg. Det gjeld å vera første mann til vindmølla før områda vert peikte ute. For sjølv utan elsertifikat kan vindkraft bli god butikk. Ikkje minst for utanlandske investeringsselskap med aksept for høg risiko.

Og er ikkje vindkraft i Nordhordland god energipolitikk? Og bra for miljøet? Neppe.

Hordaland og Sogn og Fjordane (Vestland) har stor overproduksjon av fornybar vasskraft. I eit lokalt og regionalt perspektiv er fylka difor sjølvforsynte. Mykje av krafta er dessutan «stengd inne», dvs. at vi manglar overføringskapasitet til m.a. den europeiske marknaden. For den kraftkrevjande industrien og den jamne forbrukar er dette ein stor føremon fordi det sikrar låge kraftpriser. Det forklarar òg den store motstanden mot utanlandskablar. Kablane skal betalast av norske forbrukarar. Og i kraftutvekslinga med Europa vil vi høgst sannsynleg importera eit høgare prisnivå.

For meg og for vår bedrift vil ei slik utbygging bety slutten 

Kva har dette med vindkraft i Nordhordland å gjera?

Poenget er at det kan bli låg avsetnad og lønsemd for denne krafta så lenge det ikkje vert bygd nye utanlandskablar. Om vi ikkje ønskjer høgare kraftpriser og ei usikker framtid for den kraftkrevjande industrien, er det difor all grunn til å avvisa ein kvar investering i vindindustrianlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Men kva så med miljøet?

Er ikkje reduserte CO2-utslepp i Europa bra for klimaet? Bør vi ikkje av den grunn gje avkall på biter av det unike kyst- og fjordlandskapet vårt og artsindivid i det biologiske mangfaldet? Betyr nokre ihelslegne havørnar og hubroar og øydelagde naturopplevingar langs turstiane i Stølsheimen og Fjonfjella noko i den store samanhengen?

For det første er Europa på full fart inn i sin eigen energirevolusjon med større og større bidrag frå vind- og solkraft og energieffektivisering. I denne samanhengen vil tilskotet frå norsk vindkraft gjennom utanlandskablar vera som ei drope i havet. Endå viktigare er likevel å trekkja fram dei enorme naturøydeleggingane som vindindustrien representerer. Ikkje berre for landskapsopplevinga, men for det biologiske mangfaldet. Det er grunn til å minna om at FN sin biokonvensjon ikkje er underlagt klimakonvensjonen, men er to likeverdige konvensjonar.

Då er vi tilbake til Nordhordland. Hordaland fylkeskommune verdset Austlendingen og Fjonfjella til «sårbart høgfjell av stor verdi». Det same gjeld fjella rundt Dyrkolbotn. Fjonfjella er dessutan eit av dei største heilt inngrepsfrie naturområda i Hordaland. Her har det ikkje vore vasskraftutbygging slik som elles i Masfjorden og Stølsheimen. Eit unikt område for friluftsliv og naturoppleving med Kalvedalshytta midt i. Både Fjonfjella og porten frå Dyrkolbotn inn til Stølsheimen er av fylkeskommunen verdsett til «svært viktig regionalt friluftsområde».

I slike område seier fylkeskommunen i fylkesdelplanen sin at ein skal vera særs restriktiv til utbygging av småkraft. I praksis har politikarane sagt nei.

Kvifor skulle dei då seia ja til vindturbinar som kvar for seg kan gje større naturbeslag enn eit einaste småkraftverk aleine og som til saman vil vera eit så stort inngrep at Fjonfjella og fjella rundt Dyrkolbotn vil vera øydelagd for alltid?

Naturvernforbundet Nordhordland har konsekvent gått i mot dei vindindustrianlegga som har vorte lanserte i Nordhordland; på Fedje, på Radøy og i Gulen. Vi har ikkje endra standpunkt. Vindturbinar kan aksepterast som kortreist lokal energiforsyning, t.d. i industriområde, men ikkje i sårbar natur i ein region med overskot av fornybar energi som må ut gjennom utanlandskablar.

Vi oppmodar difor Norsk Vind om å droppa planane sine i Nordhordland. Aller viktigast er det likevel at kommunane i Nordhordland tek eit kritisk blikk på samfunns- og arealdelen i kommuneplanane og ikkje avset sårbare område til vindindustri. Lindås kommune rullerer no arealdelen. Vi bed kommunen innstendig om å verna Fjonfjella og fjella inn mot Stølsheimen mot dei katastrofale inngrepa vindindustrien fører med seg, slik òg Signhild Dyrkolbotn ved Dyrkolbotn leirskule tryglar om.

Tilsvaret ordføraren i Lindås gjev i lokalpressa er i så måte oppløftande. Ho signaliserer skepsis både til vindkraft på Austlendingen og i fjella ved Dyrkolbotn. Det er eit godt utgangspunkt for arbeidet med revisjon av kommuneplanen og ein tydeleg beskjed til Terje Søviknes om å halda fingrane av fatet.

Vi i Naturvernforbundet Nordhordland kan i alle fall lova at vi med nebb og klør vil kjempa mot utbygging.

Jan Nordø

Leiar, Naturvernforbundet Nordhordland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags