Alver kommune skal vera i front på digitalisering

Nils Marton Aadland

Nils Marton Aadland Foto:

Av
DEL

LesarbrevHøgre har eit hårete mål for å gjera det tydeleg kor ambisjonsnivået vårt er: Alver kommune skal vera mellom landets fremste på å bruka digitalisering. Dette for å gjera tilbodet til innbyggjarar og bedrifter betre.

Digitalisering er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit virkemiddel for å forbetra samfunnet. Vi skal setja brukaren i sentrum, og utvikla tenester som er lette å bruka. Målet er at kvardagen til innbyggjarar og bedrifter i Alver kommune blir enklare og betre.

Som innbyggjar og bedrift i Alver kommune skal du i løpet av dei neste fire åra kunna ha all kontakt med kommunen digitalt, dersom du ønskjer det.
Vi skal ha brukaren i sentrum, og tilpassa tenestene slik at dei blir enklast mulig å bruka.

Høgre vil difor i løpet av neste kommunevalperiode:

• Ha som mål at alle søknader til kommunen skal kunna sendast digitalt, og alle enkle søknader (som ikkje krev skjønn) skal svarast automatisk. Det inneber til dømes barnehage, skuleplass og byggesøknad.

• Innbyggjarane skal berre gi informasjon til kommunen éin gang, og deretter skal informasjonen huskast til neste gang.

• Arbeida for at Alver kommune skal vera ein pilotkommune for statlege satsingar, slik at vi blir liggande heilt i front.

• Snarast ta i bruk alle eksisterande løysingar som andre allereie brukar, som digital byggesøknad, digital helsedialog og digital sosialhjelpssøknad.

Innbyggjarar som slit med ny teknologi skal få personleg hjelp og støtte.
Ei satsing på digitalisering treng ikkje kosta kommunen mykje pengar. Det finst statlege medfinansieringsordningar, og på få år vil kommunen ha spart inn pengar på ei meir effektiv forvaltning. Vi bør heller ikkje gjera alt sjølv. Difor vil vi samarbeida andre kommunar og KS i arbeidet med å digitalisera tenestene i Alver kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags