Kvifor skal de senka kvaliteten til noko som treng sårt eit løft?

Av

19 desember er det møte i kommunestyret og politikarane skal behandla ny økonomiplan for barnehagane i Alver. Fagforbundet Alver er bekymra for kva praksis ein vel for neste åra og me sender difor eit ope brev til alle politikarane i Alver.

DEL

LesarbrevDet er vore sagt at ein skal vidareføra intensjonsavtalen, og legga til grunn «den beste praksis». Fagforbundet Alver reagerer på plan for økonomi i barnehagane.

Radøy kommune har hatt ein praksis der politikarane har gitt ressursar til å auke bemanninga, noko som styrkar når pedagogane skal ha plantid. Dette inneber at pedagogane forlèt avdelingane, borna, for å lage vidare planar for å kunne gje borna ein best mogleg kvardag.

Dette etterlet dei andre tilsette att på avdelinga. Ved å ha auka ressursar, fleire tilsette på avdelingane, har det vore mogleg å gjennomføra rutinar, gjeremål og aktiviterter, utan at det går utover borna.

I Lindås og Meland har det vore kjent færre ressursar over lengre tid, dette fører til at det er færre vaksne pr. born då pedagogane er vekk frå avdelingane, eller dei ikkje har mogleik til å gå vekk då det ikkje er tilstrekkeleg vaksentettleik. Staten har eit minimumssats, Lindås og Meland ligger under dette. Radøy ligg marginalt over.

Det er fremma forslag om å fjerne kompensasjon for ubunden tid for pedagogar i Radøy. Dette vil undergrave Intensjonsavtalen for Alver, med å fjerne dette vil ein ta vekk beste praksis og i tillegg senka kvalitet inn i mot Alver. Dette vil føre til ein trend som allereie er i gong der pedagogane er naudsyn til å gjera dette på fritid/kveldstid, gratis.

Noko som kan føre til dårligare kvalitet på forutsetningane borna har krav på. For dei små borna under tre år, er det gjort forsking på at dei ikkje får roen og tilstedeverelsen som trengs. Borna risikerer å ikkje bli sett for det er nok av tidstjuvar i kvardagen. Ved å fjerne denne kompensasjon vil det bli vanskelegare å bli sett for dei minste.

Det vil vere mindre tid å gjennomføre pedagogisk samvær med borna. Ein får då ikkje fanga opp og hjelpt borna som treng å bli sett.

Sjukemeldingar i barnehagane er for tida høg, dette vil ikkje vera med på å betre situasjonen, heller tvert imot. Det vil bli auka arbeidsmengde, og arbeidspress, noko som er ein skummel sirkel å havna i. Det ville ikkje vera rom for å vera i arbeid med gradert sjukemelding og tilrettelagt arbeid, då det det blir større arbeidsmengde pr. tilsett i avdelingane.

Då mister ein fleire som kunne ha vore i arbeid. Og auke faren for lengre sjukemelding, og med lengre sjukemelding er det vanskeligare kome att i arbeid.

Dei politiske partia har sagt dei vil fremje oppvekstkåra for born og unge, kvifor skal ikkje då det starte i barnehagane? Kvifor skal de senka kvaliteten til noko som i utgangspunktet treng sårt eit løft?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags