Alver SV: – Me må slutte å ta frå ungane som har minst!

Av
DEL

LesarbrevDet er vanskeleg å ha lite når dei fleste har mykje.

Men slik er røynda til mange av dei over 100.000 ungane som lever i fattige familiar i Noreg. Likevel syner tal frå Røde Kors og SBB at 85 prosent av kommunane i Noreg, inkludert vår eigen Austrheim kommune, vel å spara pengar ved å ta frå nettopp desse ungane.

Det gjer kommunen ved å ta med barnetrygda i inntektsgrunnlaget når ein skal rekne ut sosialstønad til barnefamilien. Dermed vert sosialstønaden avkorta til dei som treng det mest. Dette vil Austrheim SV ha ein slutt på!

Barnetrygda er til for ungane sitt beste. Og det er eit av dei viktigaste verkemidla for å kjempe mot at barnefamiliar er fattige. Etter over 20 år utan endring, har barnetrygda nyleg blitt justert opp litt. Alle barnefamiliar får dermed nokre få kroner meir til å dekkje utgiftene sine, med unntak av dei på sosialstønad.

Dei mest sårbare får dermed ikkje ta del i aukinga. Forstå det dei som kan!

SV vil styrkje barnetrygda for å redusere skilnadane og kjempe mot fattigdom. Me kan ikkje akseptere at det er ungar i vår kommune som ikkje har lik mogelegheit til å delta i bursdagar og fritidstilbod. Me må gjere meir for dei ungane som har minst, ikkje sjå dei som eit høve til å spare nokre kroner.

Austrheim SV vil difor utfordre dei andre partia i kommunestyret til å bli med på å ikkje lenger avkorte sosialstønad på grunn av barnetrygda. Dette er urettferdig og det er på tide å rydde opp!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags