Godt innhald er ikkje gratis

Redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, etter å ha motteke heiderleg omtale i eigarkonsernet Amedia.

Redaktør og dagleg leiar i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal, etter å ha motteke heiderleg omtale i eigarkonsernet Amedia. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LeiarDugnadsånda står framleis sterkt i det norske samfunnet, og mykje godt arbeid vert gjort på dugnad, men skal ein ha mat på bordet kan ein ikkje jobba gratis.

At utført arbeid kostar pengar kan nok dei fleste vera einige i, men når det kjem til journalistikk, og då spesielt på nett, har forståinga tradisjonelt sett ikkje vore så stor. Vilja til å betala for nyheiter i nettavisene har møtt motstand i kommentarfelta, men ting er i endring.

Papiravisa har i alle år vore inntektskjelda for avishusa, og den digitale utgåva på nett vart lansert som eit supplement til papirutgåva og ein gratis service til lesarane.

Dette er kanskje hovudproblemet med at betalingsviljen lenge var låg blant konsumentar av nyheiter på nett. Når noko først er gratis, er det ikkje populært at det plutseleg skal kosta pengar. Det skjønar me. Ein vande er vond å venda.

Men med fallande lesartal og annonseinntekter på papir seier det seg sjølv at skal ein ha gode aviser som gjev lesarane gode opplevingar, lærer dei nye ting om samfunnet eller berre underheld, kan ein ikkje gje vekk innhaldet gratis.

I november 2015 byrja Avisa Nordhordland med det, som fyrste avis i Nordhordland. Me var spente, men folk har stort sett tatt godt i mot det. Me har fleire abonnentar no enn me hadde på det tidspunktet.

God journalistikk har ein pris, og vi opplever at god journalistikk vert sett pris på. Fleire gonger dei siste åra ser me at dei sakene me har satsa skikkeleg på, og har utløyst stor betalingsvilje hjå våre lesarar. Før helga kunne du lesa at Avisa Nordhordland har fått heiderleg omtale for viktig journalistikk i vårt eigarkonsern Amedia sin konkurranse om redaksjonelle prisar for 2017.

Artikkelserien vi vart heidra for er serien der vi reiste debatten om vigsle av homofile i kyrkja, der det viste seg at 13 av 15 prestar i Nordhordland seier nei. Dette gav grunnlag for fleire oppfølgarsaker. I juryen si grunngjeving blir det lagt vekt på at avisa har henta eit nasjonalt stridstema ned til lokalsamfunnet og laga god og grundig lokaljournalistikk av eit tema som tydeleg viser kor omstridt enkelte endringar i vårt samfunn kan vere.

Etter at artiklane sto på trykk, har temaet vore heftig debattert blant folk flest, i kyrkja og i trussamfunn. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar fordi vi tok opp det vanskelege temaet på ein nennsam, informativ og balansert måte.

Skal vi oppfylla vårt samfunnsoppdrag som vaktbikkje er vi nøydde til å ta betalt for jobben vi gjer.

Ingen jobbar gratis, ikkje ein gong journalistar.

Skal vi oppfylla vårt samfunnsoppdrag som vaktbikkje er vi nøydde til å ta betalt for jobben vi gjer.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags