Forstår ordføraren rolla si?

Ordførar i Austrheim Per Lerøy.

Ordførar i Austrheim Per Lerøy. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

I lokalavisene spør Sp-politikar Reidar Øksnes i Austrheim om kva rolle ordførar Per Lerøy spelar.  Er han «ordførar for alle eller talsperson for særinteresser» når han underteikna med ordførar kjem med høyringsinnspel som stør utbygging av Øksnemarka?  Til dette svarar Lerøy i Strilen 06.03.18:  «Eg følgjer opp fordi rådmannen ikkje har gjort det».  Rådmannen har etter ordføraren sitt syn «ikkje følgd opp fleirtalsvedtaket i kommunestyret 22.02.17 der det heiter at heile næringsområdet i Øksnesmarka skal vidareførast som næringsareal».  I staden har rådmannen etter fagleg vurdering vidareført 700 av 900 daa til dette føremålet.

Spørsmålet frå Reidar Øksnes er på sin plass, det syner ikkje minst svaret frå ordføraren, der han i full offentlegheit heng ut sin eigen rådmann.  Ikkje noko vakkert syn.  Det er diverre ikkje første gongen at Lerøy går til åtak på eigne tilsette på denne måten.  Kvifor i all verdas namn og rike tek ikkje ordføraren slike spørsmål opp på kammerset?  Og kvifor var det ikkje ein knyst å høyra frå ordføraren då utleggingsvedtaket med dei 700 daa vart gjort i kommunestyret like før jul?  Det var taust som i graven.  Ingen protestar korkje frå Lerøy eller partiet hans.

Kommunelova er klar på kva rolle ordføraren skal og bør spela.  Dette blir m.a. utdjupa i KS si Handbok for ordførarar (2011).  Her kjem nokre relevante utdrag:

«Ordførere møter mennesker i mange ulike situasjoner, og får mange henvendelser om smått eller stort.  Uansett sak må ordføreren opptre med respekt, ryddighet og engasjement for de sakene som opptar folk, og som til enhver tid står på dagsorden (om vi liker dem eller ei)».

«Ordføreren er valgt som ordfører for hele formannskapet og for hele kommunestyret. Som møteleder må man derfor opptre nøytral og legge vekt på å behandle alle representantene likt».

«Som ordfører er det viktig å være bevisst sitt ansvar for å bidra til et godt samspill med administrasjonssjefen. Samspillet må være basert på respekt og forståelse for ulikhetene i rollene som politisk leder og administrativ leder, og administrasjon for øvrig».

Eg går ut i frå at Lerøy har handboka i hylla si, men det ser ikkje ut til at han har bladd i han.  I staden står ordføraren meir og meir fram som løpargut for entrepenørar og spekulantar som ønskjer seg ein bit av kakestykket i Øksnemarka.  Interessentar som vi ikkje får veta namnet på.  Prosjekt som vi ikkje får konkretisert.  Dei som er så syndige å vera kritiske eller usamde med ordføraren, blir hengde ut.

Ordføraren karakteriserer rådmannen si framferd i Øksnesmarka som «svært alvorleg» i avisa; ein usedvanleg hard dom.  Kva blir då det neste skrittet?  Sparka rådmannen?  Eller klarer ordføraren seg med ein reprimande? 

Ingen av delane kjem han langt med.  Rådmannen står i sin fulle rett å gjera ei sjølvstendig fagleg vurdering av dei innspela som kommunestyret måtte koma med, òg fleirtalsvedtak; han skal ikkje agera for særinteressene slik som Lerøy no gjer.  Rådmannen har nytta seg av Multiconsult.  Den faglege konklusjonen derfrå er krystallkar:  Industriplanane i Øksnesmarka bør leggjast vekk.  Skulle rådmannen og administrasjonen oversjå det?  Kva var då vitsen med å bruka Multiconsult?

Ordføraren sin omtale av rådmannen er utan respekt og forståing for ulikskapen i rollene som Handbok for ordførarar så greitt beskriv.  Den usaklege og illojale kritikken kan ikkje passera.  Eg tek det difor som gitt at  formannskap og kommunestyre tek den offentlege trakasseringa opp på neste møte og fortel ordføraren kor skapet skal stå.  Rådmannen og administrasjonen fortener ei orsaking.

Fleire av oss som kjempar for å bevara Øksnesmarka, røysta Ap ved sist kommuneval.   Vi syntest programmet var bra og ønskte oss ein ordførar som var samlande, respektfull og ryddig slik kommunelova seier ein ordførar skal vera.  Så feil kunne vi ta.  I staden har vi fått ein splittande ordførar som latar til ikkje å forstå rolla si.  Og eit parti som let seg piska.

Jan Nordø, Austrheim

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags