– Lett å finna gode argument for å verna Øksnesmarka

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Uavhengig av kva politisk parti eller miljøorganisasjon ein høyrer til, er det ikkje vanskeleg i 2018 å finna gode argument for vern av Øksnesmarka.

DEL

LesarbrevMen det er og gode argument for å vidareføra Øksnesmarka som industriområde. Her kjem nokre:

Austrheim kommune har i lag med fylket eit stort ansvar for å leggja til rette for framtidige berekraftige arbeidsplassar i kommunen. Kommunen bør difor opna opp for industriarbeidsplassar andre stader enn i Mongstad-området. Oljerelaterte arbeidsplassar på Mongstad har vore sikre arbeidsplassar og gull verdt for Austrheim i snart to mannsaldrar, men det er ting som tyder på at «eventyret» kan vera på hell. Avisa Nordhordland og andre peikar på at Austrheim er økonomisk sårbar på grunn av at kommunen si sysselsetting i stor grad er knytt opp til oljerelaterte arbeidsplassar. Det vil sei, går det dårleg i oljeindustrien, går det dårleg for Austrheim. Vi må berre innsjå at Statoil-Mongstad- området lever sitt eige «oljeliv» utan at verken Austrheim eller Lindås/Alver har særleg stor innverknad på utviklinga.

Skulle vi på sikt få ein merkbar nedgang i etterspørselen etter raffinerte oljeprodukt, vil Austrheim vera ekstra sårbar om vi ikkje legg til rette for berekraftige arbeidsplassar andre stader enn på Mongstad. Regionreforma er vedteken. Grensa mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er borte. Heile Fensfjordområdet, medrekna Øksnesmarka, er no i større grad enn før eit felles utviklingsområde i det nye storfylket. Austrheim, Masfjorden, Gulen og Fedje kan gå saman og planleggja berekraftig utnytting av området. Regionreforma gjev særleg grenseområda mellom fylke som slår seg saman nye moglegheiter fordi kommunane berre har eitt fylke å forholda seg til. Ulempa med Sognegrensa, har ikkje minst Austrheim Vidaregåande skule fått erfara med elevane frå Solund og Gulen som skulen berre har hatt avtale med for eitt år om gongen.

Det har vorte hevda at Øksnesmarka kan takast ut som industriområde, for så raskt å leggjast inn att dersom industriutviklarar med gode prosjekt melder seg. Korleis skal i så fall kommune reklamera for å få industriutviklarar interesserte?

Utan at eg kjenner godt nok til Øksnesmarka sine fortrinn som industriområde, så har eg forstått det slik at strandlina er godt eigna til maritim industriutvikling på grunn av gode djupneforhold. Mange meiner at strandsona er godt eigna til berekraftig fiskeoppdrett.

Austrheim kan difor leggja til rette i Øksnesmarka for at investorar kjem opp med gode og framtidsretta prosjekt, som kommunestyret til sjuande og sist på fritt grunnlag kan seia ja eller nei til. Oppdrettsindustrien slik den er i dag er ikkje berekraftig på grunn av forureining av havbotnen, lakselus, laksevirus m.m. Finn ein ikkje nye og berekraftige oppdrettsmetodar, kjem truleg næringa på sikt til å li same skjebnen som pelsdyrnæringa.

I Bergens Tidende 8.mars er det interessant lesing om Christopher Haatuft som er kokk på restauranten Lysverket i Bergen. Saman med blant andre kjendiskokk Jamie Oliver og Obamas tidlegare landbruksminister Kathleen Merrigan, leitar dei etter berekraftige løysingar i matproduksjonen både når det gjeld havbruk og landbruk. Dei har kontakt med det internasjonalt selskapet Quadia som i tillegg til å ha som mål å tena pengar, har eit likeverdig mål om å gjera matproduksjonen meir berekraftig. Haatuft meiner Quadia må sjå til Norge og Bergen.

Avisa Nordhordland intervjua konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest 21.mars om investeringar, sysselsetting, etterspurnad og lønsemd framover. Ho trur at havbruk kan verta større enn olje. I 2013 svara 45 % av bedriftsleiarane på Vestlandet at havbruk og fiske ville vera på topp om 30 år. No svarar 65 % det same.

Dilemmaet vern-ikkje vern må vi læra oss å leva. Å oppretthalda velferdsstaten fram mot 2050 krev berekraftig industri og mange nye arbeidsplassar. Eg kjenner ikkje godt nok til Øksnesmarka sin «verneverdi», men trur likevel det snarare er eit både-og enn anten-eller.

Med god fagleg planlegging, og ikkje minst god vilje og gode kompromiss, bør verneinteresser og berekraftig industri kunna leva side om side i Øksnesmarka.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags