Gå til sidens hovedinnhold

Øksnesmarka og næringslivet i Austrheim

Artikkelen er over 4 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Eg kom over ein generalplan for Austrheim kommune frå 70-talet. Der var næringsarealet i Øksnesmarka teikna inn på same måte som det er i vår gjeldande arealplan. Øksnesmarka har med andre ord vore avsett til næringsføremål i meir enn 40 år. Aksjonsgruppa «Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen» prøver å skapa eit inntrykk av at etablering av eit næringsareal i Øksnesmarka er noko Austrheim Arbeidarparti har kome på i samband med rulleringa av kommuneplanen, men Øksnesmarka har altså ei lang historie med status som næringsareal.

Les også

Korleis kan ordføraren teikne eit glansbilde av etablering av denne typen næring i Øksnesmarka?

 

Aksjonsgruppa viser i sine protestar til konkrete planar for utbygging av Øksnesmarka. Fakta er at Austrheim kommune ikkje har motteke konkrete søknadar om utbygging av marka. Me veit at ulike aktørar, både eigarar og andre, har vist idéskisser over korleis næringsarealet kan nyttast, men konkrete søknader eksisterer altså ikkje. Dersom det kjem utbyggjarar som vil etablera seg i Øksnesmarka, vil dei bli pålagt å laga ein reguleringsplan for området. Det er reguleringsplanen som vil visa korleis området skal byggjast ut og kva næringar som kan etablerast i området. Reguleringsplanen skal, etter ein behandlingsprosess i kommunen med mellom anna full offentleg høyring, godkjennast av kommunestyret. I denne prosessen vil det bli gitt rekkefølgjekrav, det vil seie at det vil bli gitt føringar for korleis området skal byggjast ut. Det er med andre ord dei folkevalde som til sjuande og sist vil bestemma korleis Øksnesmarka skal sjå ut etter ei eventuell utbygging. På eit område som Øksnesmarka vil det vera naturleg at det vert gitt føringar om etablering av buffersoner mot Åråsfeltet, Øksneset og Rebnord, samt at det skal etablerast turstiar i området. Gjennom ei utbygging av næringsarealet i Øksnesmarka, kan kommunestyret med eit eventuelt pålegg om etablering av universelt utforma turstiar, leggja til rette for at marka vert tilgjengeleg for langt fleire grupper enn det marka er per i dag.

Les også

Håpar sommarfugl kan velte omstridde næringsplanar

 

Marita Terese Bru hevdar at eg rakar ned på tilsette i den kommunale administrasjonen. Eg meiner at eg har lov til å vera kritisk til den konsevensutgreiinga som er gjort når sakshandsamaren mellom anna viser til utbyggingsplanar frå eit firma som faktisk ikkje eksisterer.

Aksjonsgruppa og andre spreier skremselspropaganda om at Øksnesmarka i mange tiår vil vera base for eit støyande og støvande steinknuseverk. Dette vil eg ta sterk avstand frå. Personleg kjem eg aldri til å akseptera at det vert etablert eit steinknuseverk i marka. Ei næringsutbygging vil sjølvsagt innebera graving, skyting og planeringsarbeid, men dette skal gjerast så skånsamt som mogeleg.

Les også

Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen

 

Marita Terese Bru hevdar at ordføraren kjem med soloutspel om fiskeoppdrett og matproduksjon i Øksnesmarka, men dette rein løgn frå Bru si side. Ordføraren er mellom anna med i Bergensalliansen og i Samfunns- og Næringsutvalet i Regionrådet. Ordføraren er også eigarrepresentant i Invest in Bergen. I alle desse organa drøftar me korleis me skal sikra Bergensområdet tilstrekkeleg næringsareal og særleg areal med dei kvalitetane som Øksnesmarka har i forhold til etablering av marine næringar på land. Til og med leiaren i MDG, Rasmus Hansson, er oppteken av at me må utvikla den marine næringa og hevdar at denne næringa vil vera Norges viktigaste næring om 18 år.

Bru hevdar også at eg har teke munnen for full når eg hevdar at Hordaland fylkeskommune er positiv til næring i Øksnesmarka. Her vil eg visa til at Invest in Bergen er ein del av fylkeskommunen. Representantar frå Invest in Bergen deltok på kommunestyremøtet i Austrheim 22.6.2017 og dei var tindrande klare på at Austrheim kommune må oppretthalda Øksnesmarka som næringsområde. Dei viste også til at nasjonale og internasjonale representantar for den marine næringa viser stor interesse  for næringsareal som Øksnesmarka.

Les også

– Å legge fleire hundre båtplassar i sjø og på lager i Øksnesmarka, verkar ulogisk og lite framtidsretta.

 

Eg vil elles visa til «Fråsegn til kommuneplanen sin arealdel for Austrheim kommune – 2016 – 2027» frå Hordaland fylkeskommune der det står: «I Regional næringsplan for Hordaland 2013 – 2017 er havbruksnæringa trekt fram som ei av dei viktigaste næringane i fylket. Havbruksnæring er viktig for verdiskaping og for sysselsetting i distrikta. Næringa har potensiale for vekst og utvikling og det er heilt avgjerande at fylkeskommunen er med på å leggja gode rammevilkår. Areal til produksjon av sjømat er ein viktig faktor. I Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland 2016 er eit av innsatsområda innan marin sektor å «sikra næringa areal for berekraftig vekst og utvikling». Fylkesrådmannen meiner det er viktig å leggje til rette for havbruksnæringa. Ein avgjerande faktor for å kunne utnytte havbruksnæringa sitt produksjonspotensial er tilgang på eigna areal til sjømatproduksjon, og at areala som vert sett av til dette formålet, vert utnytta beste mogeleg». Dette treng eg ikkje kommentera, her ser alle at aksjonsgruppa er på kollisjonskurs med fylkeskommunen.

Les også

E de steikjande galne?

 

Elles vil eg hevda at fylkeskommunen uttalar seg med to tunger når dei på den eine sida gir sterkt uttrykk for kor viktig det er å leggja til rette for sjømatnæringa, og at dei på den andre sida skriv: «Frå eit friluftsperspektiv er det svært gledeleg at kommunen har valt å gjere Øksnesmarka om til friområde, og med omsynssone H560 for Bevaring av naturmiljø for nordre del av Øksnesmarka». Eg reagerer også sterkt på at 8 av dei 13 saksbehandlarane som fylkeskommunen har nytta i denne saka, kjem frå regionalavdelinga. Desse 8 er kollegaer av hovudpersonen bak aksjonsgruppa «Nei til rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen»!

Les også

Omstridde Øksnesmarka blir næringsareal

 

Austrheim kommune har eit næringsliv som er tungt tufta på oljenæringa. Dei siste åra har me erfart kor sårbare me er med eit slikt einsidig næringsliv. I framtida må me sikra ein langt meir differensiert næringsstruktur i kommunen, og då bør me følgja rådet frå fylkeskommunen om å leggja til rette for den framtidsretta marine næringa. Austrheim kommune bør sjå til og læra av Gulen kommune. Dei har på ein fantastisk måte klart å leggja til rette for ei positiv utvikling av både olje- og gassnæringa og sjømatnæringa.  Til lokalpolitikarar og kommunale og fylkeskommunale byråkratar vil eg seie: «Look to Gulen!»

Bru hevdar at eg må vera sterk i trua når eg trur at industri kan kombinerast med eit yrande dyre- og insektsliv. Ja, eg er kanskje sterk i trua, men dette har eg opplevd og sett med eigne auge på Statoil Mongstad. Dette er også godt og sakleg dokumentert på ein film laga av Magne Helge Sleire. Sjå den Marita, så forstår du at menneske, næring og natur kan leva og utvikla seg i herleg sameksistens.

Me ønskjer å skape ei god og positiv utvikling for Austrheim kommune og den går ikkje gjennom ei «rasering av Øksnesmarka og Åråsvågen», men gjennom ei kontrollert og styrt næringsutvikling der ein både tek omsyn til natur og dyreliv, men også til at folk skal kunna bu og livnæra seg i Austrheim. I desse miljø- og klimatider må me ikkje berre leggja til rette for kortreist mat, men også for kortreiste og berekraftige arbeidsplassar!

Les også

God stemning på kaia og ny rekord i teltet

 

Kommentarer til denne saken