Austrheim kommune og Kommunereforma - «Baklengs inn i framtida»

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevFå Nh+ for kun 49 kroner i åtte veker!

Framleis er rådet frå ordføraren i Austrheim «Baklengs inn i framtida»

Dette lesarinnlegget er ein generell reaksjon på ordføraren sitt lesarinnlegg i lokalavisene datert, 26. april 2016.

Først nokre refleksjonar omkring reformarbeidet opp mot andre aktørar i samfunnet.

I industrien er det viktig å ha fokus på leveransar internt og eksternt, søke smarte løysingar, utvise fleksibilitet, velje prioriteringar som gagnar og har god økonomistyring osb. Målet er å sikre, trygge og vidareutvikle gode og robuste arbeidsplassar. Dette kan også bety at kursen må korrigerast, i vidaste forstand endrast – alt for å overleve og i å sikre no- og framtida. Då er vi avhengig av å ha visjonære og dyktige personar i førarsetet som evnar å synleggjere realitetar, korrigere, ta utradisjonelle val som til sjuande og sist utgjer i eit felles mål, overleve.

LES OGSÅ: Framtida for Austrheim kommune

Fotballen kan vere eit anna døme. I fotballen er det vel også slik at ansvarlege aktørar har ei sentral rolle i å bevare, men også utvikle. Det handlar om å hente inn gode sponsorar, sikre gode avtalar, sikre god leiing, innhente dyktige trenarar, spelarar og ha fokus på å vidareutvikla laget. Dersom laget trass gode føresetnader og tilstrøyming av sponsormidlar ikkje lukkast, er konsekvensen endring. Då nyttar det ikkje med eg vi gjere som eg alltid har gjort.

Kvifor er då grunnprinsippa i industrien, i fotballen og samfunnet elles så forskjellig frå drive og forvalte oppgåver i Austrheim kommune, kvifor er det slik – og må det vere slik?

Ordføraren i Austrheim og hans meiningsfeller ser ut til for ein kvar pris å unngå å snakke om, skrive om og debattere dei faktiske forholda som rår i kommunen. Det er ein påfallande tausheit som er til å ta og føle på. Alle, eller mange veit, men tausheit er tydelegvis også her «gull» verdt.

Eg tenker generelt at berre å ha fokus på saker som folk der ute vil høyre og ikkje saker dei har krav på å høyre, vert feil.

Ann-Norunn Marholm

Ann-Norunn Marholm Foto:

Ei open tilnærming om resultat på leveransar, bruk av midlar og korleis kommunen skal i verdsette forbetringar og kva dette vil koste har vi ikkje høyrt noko om frå ansvarlege.

Saka er den at Austrheim kommune på noverande tidspunkt ikkje er i den forfatning den burde og derav heller ikkje har det som skal til for å gå vidare åleine, no og 20–30 år fram i tid. Stort oppgåveetterslep (måleparametra viser ikkje akseptabelt nivå), stort kostnadsetterslep, stor lånegjeld (kommune og snittgjeld per innbyggar), store framtidige utfordringar som eldrebølga, aukande arbeidsløyse og ein usikker flyktningstraum.

Eg les at kommunen har fått skissa til det nye inntektssystemet og at det er hyggeleg lesing. Er det slik å forstå at hyggeleg lesing er at kommunen kjem ut med mindre inntekter på vel 34 MNOK i åra som kjem i forhold til det som er vedteke i økonomisk langtidsplan.

Eg stiller meg undrande til at ordføraren framleis står fram som ein kamphane og gjev eit unisont råd til innbyggarane i Austrheim …. Stem eit rungande «JA» til Austrheim åleine.

LES OGSÅ: Utkantane kan få det betre

Då må eg stille eit direkte spørsmål. Korleis kan ordføraren og hans meiningsfeller gje dette rådet? Korleis kan du og dine meiningsfeller vere dei beste til å gje dette rådet og samstundes også har ansvar for at kommunen er i den situasjonen den er i – og det i ei tid med høgt skatteinnkome. Altså, dei beste føresetnader i å levere resultat på +sida. Her manglar god økonomistyring og minus resultat på så nær som alle leveransar.

Korleis skal eg forstå dette skodespelet som dag etter dag utspelar seg? Eg trudde faktisk at eg ei stund eg hadde feil brillestyrke, eg skifta styrke, men eg les framleis det same.

Kan det vere at eg skal forstå det slik, først fører ansvarlege skipet (Austrheim kommune) opp i fjæresteinane og med dei skadane som no er avdekka. Som om ikkje dette er tilstrekkeleg nok, står fram dei same aktørane som garantistar, gjev råd og ber folk sei «JA», ikkje berre «JA», men eit rungande «JA» til Austrheim åleine. Er dette eit «JA» til å føre skipet enda ein gong opp i fjæresteinane, eller kva er eigentleg dette? Heile settinga i denne saka opplevast som absurd.

Kva er grunnen og kvifor er det blitt slik? Ansvarlege politisk og administrativt er då verkeleg sett til å forvalte oppgåvene til det beste for alle innbyggarane, eller har eg misforstått her?

Slik eg ser det kan det vere fleire årsaker til ordførarens strategi, for strategi er det.

•Det kan vere at realitetsforståing smerter

•Det kan vere at realitetsorientering ikkje er tilstrekkeleg forankra hjå sentrale og ansvarlege aktørar

•Det kan vere at administrasjonen utøver press i påverknad av val

•Det kan vere at ved neste korsveg forsvinn velgjerar som igjen kan påverke maktbalansen

•Det er også så mykje, mykje meir

Erkjenning er første skritt inn i realitetstankegangen som betyr å « ville», «kunne», men også å «gjera» som igjen kan bety endringar – store endringar. Det handlar sjølvsagt om «korleis du og eg har det», men det viktigaste er korleis «vi tar det» og «skal ha det» no og 20–30 år fram i tid.

Slik eg ser det er eit «JA» til Austrheim åleine det same som å takke «NEI» til det unike tilbodet om å overleve, overleve saman med andre.

LES OGSÅ: No er avtaleforviklingane historie
 

Større avstand mellom folkevalt og innbyggar – Austrheim vil i snitt få 3 medlemmer i det nye kommunestyret

Eg ser at det vert hevda minusfaktorar kan vere mindre nærleik, mindre lokal representasjon og mindre lokalkunnskap.

Eg tenker at ein må sjå på korleis lokaldemokratiet i dagens kommune fungerer og kva utfordringar det er med dette. Det er også viktig å sjå på dagens engasjement blant innbyggarane og kva konsekvensar endringar har i framtida for det politiske engasjementet.

Dagens Austrheim har på linje med andre små kommunar ei fallande valdeltaking. Det politiske engasjementet er generelt lågt, bortimot totalt fråverande. Eg tenker dette ikkje er spesielt for Austrheim, men ei generell utfordring i mange kommunar. Spørsmålet er då korleis skape engasjement og kva er viktig for å få engasjement. Skal vi behalde demokratiet må vi kjempe for det – dette omfattar også retten til å ytre. Vi ser fleire plassar i dagens samfunn også i kommunesektoren at det dukkar opp saker av ulik negativ karakter som direkte kan relaterast til at her er det nokon som prøver seg på ei utholing. Eg tenker at Austrheim kommune sitt politiske miljø tenderar i mange saker i retning av å trekke strikken vel langt.

Generelt tenker eg at vi i dag lever i eit land, eit samfunn som sikrar basisbehova til innbyggarane. Går vi + -50år tilbake i tid var Noreg på mange måtar eit U-land som på fleire område vart samanlikna med Albania.

Den nye tida kom, vi fann olje, og velferdssamfunnet vart vidareutvikla.

Dersom vi også løftar blikket, ser ut i verda og i Europa ser vi at det meste er i endring. For Noreg er oljefesten på hell, arbeidsløysa aukande som igjen har resultert i at føreseieleg skatteinnkome er redusert. Det er ikkje sjølvsagt at vi fram i tid kan behalde dagens tenestenivå. Det er heller ikkje sjølvsagt at vi kan sitte på kvar vår tuve å rope, har …. vil ha … … må ha … … skal ha. Kort og godt ei unison oppfatning om «å ha det slik vi alltid har hatt det». Dette vert for meg ein egotripp utan sidestykke. Dersom ein vel å følge denne vegen kjem ein før eller seinare til å møte veggen, ikkje ordføraren og hans meiningsfeller – dei er forsvunne og har fråskrive også her alt ansvar.

LES OGSÅ: Fire av ti 5.-klassingar i Austrheim kan ikkje lesa skikkeleg
 

Desentralisering og tenesteyting

Ordføraren seier han er overtydd om vi vil oppleve ei sentralisering rundt Knarvik og Frekhaug. Det tenker du delvis kan ha rett i fordi det ligg i korta å eliminerer bort ein topptung og kostnads krevjande administrasjon samt fleire som inngår i dagens politikarkabal. I denne saka handlar det også om å organisere ein «storkommune» etter stordriftsprinsippa. Innsparingane på område eg omtalar er meint å førast tilbake til den operative drifta som helse, skule og eldreomsorg – det er då her vi verkeleg treng å ruste opp.

Ein storkommune standardiserer og leverer etter beste praksisprinsippet. Dette betyr om du bur på Eikanger, Manger eller Austrheim skal du som innbyggar ha lik behandling og verte møtt med profesjonalitet.


Nærings- og samfunnsutvikling

Ordføraren skriv korleis han har det i dag, at han har tett samarbeid …. osv.

Eg tenker det heller ikkje her handlar om korleis vi har det, men korleis vi skal møte framtida. Eg tenker dette punktet er det mest sentrale punktet og som vi må konsentrere oss om, fordi industri og næring er for eit samfunn alfa/omega.

Eg ser eksempelvis at næringsliv og politikarar ser til Danmark for å finne ideen til framtidig næringsutvikling på Mongstad og nærliggande område. Poenget med å sjå på dette er at bedriftene skal dele ressursar og utnytte energi. På fagspråket kallar dei det ein sirkulær effekt. Altså vi må vere innovativ og sjå framover, langt framover. Vi må vere tett på område som kan gje føreseielegheit og derav faste, robuste og trygge arbeidsplassar. Då må vi også evne å tenke nytt. Får vi dette til er vi også i stand til å behalde tenestenivået, men også vidareutvikle oss, ikkje stagnere.

Eg forstår det slik at næringslivet i Nordhordland også rustar i retning av ein storkommune der innovasjon og samhandling til beste for Nordhordland ligg fremst i pannebrasken. Vi kan ikkje då sitte på kvar vår tuve å kjempe kvar for oss og det som var. Vi må bruke erfaring, delta i samfunnsutviklinga, samhandle og påverke der vedtak vert tatt.

LES OGSÅ: Høgre ville ikkje styrka næringsfondet
 

Kvalifisert arbeidskraft

Eg les her at ordføraren skriv at kommunen i dag ikkje slit med fagpersonell. Det kan vere at kommunen ikkje slit med dette, men har du spurt innbyggarane i Austrheim kva dei meiner.

Det vert som i eventyret. Det var ein gong x-talet på fagpersonar kom til kommunen. Dei busette seg, og vart verande i same stilling resten av livet. Eg tenker sjølvsagt er stabilitet viktig, men like så viktig er rettstryggleiken for born og vaksne. Utan særleg fordjuping her tenker eg ei endring er på sin plass og vil vere til det positive. Ein storkommune vil på dei fleste område vere ein betre garantist.

Utfordringane her kan vere om folk i framtida vil søke stillingar i kommunen dersom Austrheim vert ståande åleine. Vi er godt kjent med at mange små kommunar slit med rekruttering og må sette i verk tiltak med å by over etablerte lønningar. Utruleg kva folk gjer for pengar også i kommunesektoren.

_____________________

Kva er det ordføraren og hans meiningsfeller vil kjempe imot. Eg tenker at endringane for den enkelte innbyggar ikkje vil verte så stor, men større dersom Austrheim kommune vert ståande åleine.

Kva er årsaka og kvifor er det blitt slik? Ansvarlege politisk og administrativt er då verkeleg sett til å forvalte oppgåvene til det beste for alle innbyggarane. Resultata viser at denne forvaltninga ikkje er tilfredsstillande samanlikna med andre kommunar.

Eg minner om at på kommunebarometeret hamnar Austrheim kommune på 415 plass av 428 kommunar i landet. Grunnskulen kjem svært dårleg ut, fire av ti 5.-klassingar kan ikkje lese – og no ser vi også at Austrheim vidaregåande skule hamnar på jumboplass i fylket – ser også ut til å verte nedlagt. Kor tragisk må ikkje slike resultat vere for ein kommune som heilt klart har hatt dei beste føresetnadene i å lykkast. Dei same aktørane stiller opp som rådgjevarar – dette er slik eg ser det «frekkheitas nådegåve». Det er innbyggarane som no og fram i tid må betala prisen.

Eg trur då at du og eg, alle som ein må realitetsorientere oss. Anbefalinga frå ordføraren slik eg ser det er ikkje forankra i ei realitetsorientering og vilje til endring.

Realitetsorientering betyr og ta innover seg «status quo», erkjenne og vise evne til oppgåveløysing til beste for alle i Austrheim. Alternativet er då ein storkommune, fordi vi ikkje har noko anna val – og er det beste alternativet i den situasjonen vi no befinn oss i.

Eg vil anbefale deg å ta deg tid å lese strategiske dokument i samband med kommunereforma før du avgjer stemma di. Eg har saksa litt frå intensjonsavtalen som eg deler her:

•Ein større kommune vil ha større påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter.

•Ein stor fordel med ein større kommune er at det vert betre samsvar mellom det å vera ein felles bu- og arbeidsregion og det å kunne planlegga ei heilskapleg og betre koordinert samfunnsutvikling.

•Ein større kommune vil ha større påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter.

•Nokre andre fordelar med ein større kommune er sterkare fagmiljø som sikrar rekruttering og god og spissa kompetanse, betre kvalitet og mangfald på tenestetilbodet, betre heilskapleg arealutnytting, betre moglegheiter til å prioritera næringsarbeid og godt jordvern.

•Den nye kommunen vil vera ein større og meir ressurssterk kommune med betre økonomisk soliditet og handlingsrom, og vil dermed vera betre i stand til å handtera nye og større oppgåver samt omstilling innan arbeidsmarknaden.

•Den nye kommunen vil stå betre rusta til å møta den forventa veksten i innbyggartal (48 000 i 2040) med eit auka tal eldre.

Utfordringar:

•Det vil vera større geografisk avstand innan kommunen (både for innbyggarar, tilsette og folkevalde), konsentrasjon av kommunale tenester, lengre avgjerdsliner, svekka lokalkunnskap hjå sakshandsamarar, mindre samhandling på tvers av tenestene, samt lågare engasjement og politisk involvering frå innbyggarane.

Utfordringane vil verta kompensert og møtt med å etablera nærsenter som sikrar at innbyggarane skal få sine tenester nærast mogleg der dei bur.

LES OGSÅ: Per Lerøy er styrka i trua på at Austrheim har det best for seg sjølv

__________

Før eg avsluttar lesarinnlegget mitt må eg også sei at eg i alle år har meint at Austrheim kommune kan overleve, overleve «åleine», overleve så nær som det meste, no og inn i evigheita. Eg vart faktisk svært provosert når andre utfordra meg på at det kunne eg berre gløyme og at eg heller ikkje hadde eit verkeleg bilde av situasjonen i kommunen.

Eg likar å verta utfordra – dette måtte eg undersøke. Det eg ikkje trudde og visste var at dei som utfordra meg skulle få rett, så altfor rett. Etter over tid som innbyggar å ha observert kommunen i fleire settingar, lest meg opp på sentral og lokale dokument, snakka med innbyggarar, sjølvopplevd kommunen på god og vondt, er eg overtydd.

Eg er overtydd om at skal vi overleve må vi må ta innover oss kva situasjon Austrheim kommune er i og kva framtida vil krevje av oss. Vi må løfte blikket og sjå kva som er realistisk og gagnar innbyggarane best, no og 20–30 år fram i tid.


Då er eit realistisk «JA» til ein storkommune for innbyggarane i Austrheim vegen å gå.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags