No er det Austrheim vgs. sin tur!

Inger-Lise Brekke, ordførarkandidat Austrheim Høgre

Inger-Lise Brekke, ordførarkandidat Austrheim Høgre Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet har i mange år brent eit blått lys for Austrheim vgs. Det har vore lagt fram ulike visjonar og idear for skulen gjennom åra utan at nokon av dei har vorte realisert. I mellomtida har det vorte bygd fleire nye vidaregåande skular i Bergen. Amalie Skram vgs. i kombinasjon med eit stort svømmeanlegg og andre flotte fasilitetar opna hausten 2014. Siste er Åsane vgs. som blir ein gigantskule med plass til 1700 elevar opnar hausten 2020. Denne skulen blir eit kombinasjonsbygg midt i Åsane senter som både skal huse ein vidaregåande skule og eit kulturhus.

Begge desse store skulane erstatta eldre og små vidaregåande skular. Dette var nok grep som var nødvendig for å kome i meir moderne bygg og samle lærarstaben til eit større fagmiljø. Fint og flott, men dette har vorte dyrt og eg er redd vår region Nordhordland, Gulen og Solund må betala prisen.

Eg fryktar at Fylkeskommunen ofrar Austrheim vgs. og legg ned fleire linjer ved Knarvik vgs. for å rettferdiggjere alle dei nye skuleplassane på Åsane vgs. Dette kan få store konsekvensar for fleire lokalsamfunn og næringslivet i vår region. Det kunne til dømes ha starta fleire klassar på TIP på Austrheim vgs. fordi det var mange ungdommar som søkte seg dit, men Fylkeskommunen sa nei. Knarvik vgs. får ikkje fortsette med linja service- og samferdsel etter neste skuleår. Denne skal leggjast til Åsane vgs. Det vil sei at nokre av dei største bedriftene innan lager- og logistikk på Vestlandet som er lokalisert på Mongstad ikkje lenger har dette utdanningstilbodet i sin region.

Austrheim vgs. er viktig for næringslivet i vår region for å få tak i kompetent arbeidskraft særleg innan industrien. Arbeidsløysa er låg og no er det vanskeleg å få tak i fagutdanna personar frå vår region. Bedriftene ønskjer primært å rekruttere lokalt fordi det gir meir stabil arbeidskraft. Dei erfarer at personar som pendlar frå Bergensregionen til nordre del av regionen i stor grad sluttar etter kort tid.

Dette er kostbart for bedriftene både med tanke på opplæring og mangel på kontinuitet i produksjonen. Næringslivet slit også med å få tak i nok lærlingar. Dette er alvorlege signal for framtidig ressurstilgang av arbeidskraft.

Fylkeskommunen løyvde i 2018 pengar gjennom Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland som gjekk til Nordhordland Næringslag sitt samarbeidsprosjekt for å lage ein rapport som skulle få fram behovet regionen og næringslivet hadde for framtidige fagtilbod og kompetanse. Rapporten blei levert av professor Grete Rusten ved UiB i vår. Dette er etter mitt syn ein svært god og nyttig rapport. Den viser blant anna at det er ein alvorleg situasjon for det offentlege når det gjeld framtidig behov for nyrekruttering innan helse og omsorg.

Det er vel dokumentert i rapporten om eit stadig aukande behov for nyrekruttering fordi ein stor del av dei som no arbeider i helsesektoren begynner å nå pensjons alder. Rapporten viser også at det svært viktig at utdanningstilbodet i regionen er dimensjonert etter behovet i næringslivet generelt og industri, bygg- og anlegg spesielt. For å seie det enkelt – det er næringslivet sitt behov som må bestemme kva linjer ein vidaregåande skule skal ha.

Det er trass alt der ungdommane våre skal jobbe når dei er ferdig med utdanninga si. Fylkeskommunen har bedt om å få kunnskap om kompetansebehovet og dermed om utdanningsbehovet i Nordhordland. Då må dei også vise at dei faktisk brukar denne kunnskapen. Det er svært viktig at Fylkeskommunen tar oppdraget sitt på alvor og leverer den utdanninga som næringslivet har behov for.

Ein anna viktig faktor i kampen for å behalde og utvikle Austrheim vgs. er at det er like viktig for ungdom i distriktet å kunne bu heime mens dei går på vgs. som det er for ungdom i byn. Det er velkjent at hybeltilværet aukar risikoen for fråfall frå vgs. for elevar. Spesielt vanskeleg kan det å bu på hybel vere vanskeleg for sårbar ungdom. Desse treng særleg å få eit lokalt tilbod og vil også fungere best i arbeidslivet viss dei får bu i nærmiljøet dei har vakse opp i. Dette er viktig førebygging mot at fleire ungdommar ikkje fell utanfor arbeidslivet.

Lokalsamfunn tappa for ungdommar over 16 år blir fattigare samfunn på så mange vis. Ungdom som flyttar heimanfrå i denne alderen buset seg i mindre grad i distriktet når dei er ferdig med utdanninga. Dette er ein trussel mot både busetting i distrikta og utvikling av næringslivet. Eit framtidig vedtak om å leggje ned Austrheim skule er einstydande med å vedta at vi eksporterer våre eigne ungdommar ut av Nordhordland, Gulen og Solund.

Det er på tide å ta det nødvendige krafttaket for å fjerne kvelartaket på Austrheim vgs. Vi må kjenne vår besøkstid og gi innbyggjarane og næringslivet i vår region den skulen dei fortener og treng. Austrheim Høgre vil saman med Høgre sine fylkespolitikarar kjempe for at skulen ikkje berre skal vidareførast, men utviklast for å gi den kompetansen som næringslivet spør etter i vår region. Vi tar også på alvor at ein vidaregåande skule i ein region er ein viktig livsnerve for lokalsamfunna.

Eg meiner at no må innbyggjarane, politikarar, næringslivet og organisasjonar samlast for å ta nødvendige grep for å behalde og utvikle utdanningstilbod i vår eigen region.

Det har tidlegare vore foreslått at Austrheim vgs. skal utviklast til å bli ein 8–13 skule. Det vil seie at dei skal sjå på ei form for samdrift av ungdomsskule og vgs. Eg trur at dette er feil veg å gå. Det er for stor skilnad i fagutviklinga mellom desse trinna. Vi må heller tenkje samdrift av utdanningstilbod av eldre ungdom. Kva med ein ny Austrheim vidaregåande skule saman med fagskule?

Tanken om ein fagskule i Nordhordland har vore tenkt av fleire innan næringslivet. Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning frå eit halvt til to år og er på nivået over vidaregåande opplæring i utdanningssystemet. Dette er ei utdanning som er meir yrkesretta enn høgskule. Dessutan er fagskule eit Fylkeskommunalt utdanningstilbod og gir dermed same skuleeigar som den vidaregåande skulen. Dette meiner eg gir meir fornuft i forhold til fagmiljø og fagutvikling i tillegg til at det vil vere enklare å organisere då det er berre ein skuleeigar. Tenk deg ein vidaregåande skule knytt til industriområdet i Mongstad med industrilinjer med læringar og TAF-linje.

Vi må også ha linjer innan helsefag for å imøtekome rekrutteringsbehovet som vi no står ovanfor i vår region. Kva med linjer innan akvakultur som er ei stor næring med utviklingspotensial i vår region? Dette saman med ein fagskule vil gjere vår region meir robust, innovativ og attraktiv. Eit næringsliv i tett samarbeid med utdanningsinstitusjon er nødvendig for å halde fagmiljøet i skulane oppdatert. Plasseringa av Austrheim vgs. og fagskule er også viktig i forhold til at vi no blir Vestland fylke. Utan Austrheim vgs. blir Vestlandet sine innbyggjarar utan eit tilbod om vidaregåande utdanning mellom Dale i Sunnfjord og Knarvik. Det toler ikkje lokalsamfunna og næringslivet i vår region. Austrheim Høgre seier nei til eksport av våre ungdommar.

Vi seier ja til Austrheim vgs. kombinert med ein fagskule.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags