Gå til sidens hovedinnhold

Turlaget skeptisk til utbygging i Øksnesmarka

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Nordhordland turlag har i sin formålsparagraf å støtte det enkle, nære friluftslivet. Vi ønskjer det skal vere lett for folk i alle alder å komme seg ut. I Austrheim ligg tilhøva godt til rette for det.

Det er med undring vi høyrer og les at Øksnesmarka er trua av utbygging for industri. Ikkje rør det store, opne lyngheilandskapet i Austrheim; la det liggje urørt og vitne om ei tid og ein kultur som har prega kystfolket i årtider. La det liggje og vera til glede for folk i framtida og.

Les også

Kommunalt kjøp av eigedomar i Øksnesmarka

 

Området er eit rikt friluftsområde, med stiar, merka og umerka, steinmurar og spor av tidlege tider sitt liv og verke, med småvatn og myrer, med rikt dyre- og fugleliv - og ro og fred. Langs kysten er det lett å komme fram med båt, kano, kajakk, lett å finne gode bade- og fiskeplassar. Øksnesmarka er eit rekreasjonsområde.

Turlaget registrer at kommunen lenge har vore aktiv med å få folk til å byggje hytta si i Austrheim; kanskje med urørt natur, ro og friluftsliv som eit lokkemiddel. Byggjefeltet vart eit inngrep i kystlandskapet her.                                                                                     

Men andre aktørar kjem til, med meir djuptgripande planar, og det same området vert no tenkt nytta til industri og med djupvasskai. Korleis går det då med ro og urørt natur?

Les også

Øksnesmarka: Ingen skam å snu

 

- Det ligg allereie store industriområde i nærleiken, både på Mongstad og over fjorden i Gulen. Her er inngrepa store og kan ikkje verta reversert. Turlaget ber politikarane i Austrheim sjå om ny industriutvikling kan leggjast nær andre utbygde område. Er draumen om ny stor industri i Austrheim realistisk, eller kan det verta bom og Øksnesmarka øydelagt for alltid, slik ein ser har skjedd andre stader, utan at kommunen får nye arbeidsplassar?                                                                                                           

Turlaget spør, for vi vil syne støtta vår til dei som arbeider med å ta vare på marka.

Austrheim har byggjefelt sentralt og elles levande bygder med lang historie. Innimellom ligg Øksnesmarka og lokkar med trim, god helse og gode opplevingar.

Nordhordland turlag ber politikarane i Austrheim ta omsyn til friluftinteressene og folkehelsa og si eiga historie i den vidare handsaminga av kommuneplanen.

Les også

Øksnesmarka og sannhetene

 

Kommentarer til denne saken