Austrheim vidaregåande skule, svar til Austrheim Høgre sin ordførarkandidat

Det er flott at Høgre vil gjera eit så viktig prosjekt til ei hovudsak i valkampen. Her har Høgre brei støtte frå alle dei politiske partia i kommunen, skriv Per Lerøy (Ap) i dette lesarbrevet.

Det er flott at Høgre vil gjera eit så viktig prosjekt til ei hovudsak i valkampen. Her har Høgre brei støtte frå alle dei politiske partia i kommunen, skriv Per Lerøy (Ap) i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAustrheim Høgre sin ordførarkandidat ønskjer å få fortgang i arbeidet med utviklinga av Austrheim vidaregåande skule. Det er flott at Høgre vil gjera eit så viktig prosjekt til ei hovudsak i valkampen. Her har Høgre brei støtte frå alle dei politiske partia i kommunen.

Fylkesrådmannen har ved to høve sett fram forslag om nedlegging av Austrheim vidaregåande skule, men både det førre fylkestinget og det noverande fylkestinget har samrøystes vedteke at Austrheim vidaregåande skule skal sikrast. Dette skjedde 12.03.2013 og 22.06.2016. I tillegg vedtok eit fleirtal i det noverande fylkestinget den 08.03.2016 at det skal opprettast ein fylkeskommunal tannklinikk på Austrheim vidaregåande skule når ny skule står ferdig. Fylkesrådmannen har med bakgrunn i dette lagt fram for fylkestinget ei skisse til finansieringsplan for ein ny Austrheim vidaregåande skule, med start av prosjektet i 2023 og sluttføring i 2027. Austrheim Arbeidarparti meiner at det viktigaste me no kan gjera er å følga opp at fylkesrådmannen leverer på dei vedtaka fylkestinget har gjort.



Det har i mange år vore jobba med alternative løysingar for Austrheim vidaregåande skule og det ligg føre skisser til ombygging av industribygget til ein ny og moderne vidaregåande skule. I eit av desse skisseutkasta er det også teikna inn ein fagskule på nabotomta. Det er investorar som har sagt seg villig til å byggja om industribygget til skule for så å leiga ut bygget til fylkeskommunen med opsjon på kjøp av bygget. Ei slik løysing vil kunna gje skulen tidsriktige lokale alt frå skuleåret 2021/22, altså 4–5 år tidlegare enn det fylkesrådmannen sin investeringsplan ligg opp til. Dette er ei løysing me bør følga opp i forhold til fylkestingskandidatane i den komande valkampen, men me må trø varsamt for i skulesaker står region mot region. Stiller me for bastante krav til fylkespolitikarane, kan me fort få dei mot oss. Me frå Nordhordland må framfor alt stå saman for å sikra framtida for våre vidaregåande skular.

Elles vil eg visa til resolusjonen som Austrheim Arbeidarparti gjorde på sitt årsmøte 31. januar i 2019:

Fensfjord vidaregåande skule:

Austrheim Arbeidarparti ber om at Vestland Arbeidarparti følger opp vedtaka som Hordaland fylkesting har gjort om å vidareføra drifta av Austrheim vidaregåande skule og modernisere denne. Som ein del av moderniseringa skal det ifølge vedtaka etablerast ein fylkeskommunal tannklinikk på skulen. Skulen som ligg sentralt på kysten av Vestland fylke, bør skifta namn til Fensfjord vidaregåande skule og linjetilbodet må tilpassast behovet til næringslivet i Fensfjord-området.

Til sist må eg få koma med eit hjartesukk. Høgre har gjennom si støtte til fritt skuleval og til private vidaregåande skular, svekt driftsgrunnlaget for dei vidaregåande skulane i distrikta. Bergen er per i dag den byen i landet med flest private vidaregåande skular, og drifta av private skular kostar fylkeskommunen 150 millionar kroner i året. Dette svekkjer driftsgrunnlaget for fylkeskommunen sine eigne vidaregåande skular og utgjer ein reell trussel for små distriktsskular som Austrheim vidaregåande skule.    

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags