Svar til Austrheim Høgre sin ordførarkandidat

– Noko av det viktigaste me har gjort dei siste periodane er å få på plass ny kommune- og arealplan, områdeplanar og ei lang rekkje reguleringsplanar. Me står no i ein situasjon der det vil vera svært enkelt å etablera seg i kommunen. Byggjesøknader kan behandlast på få veker dersom ein vil byggja hus, hytter, naust eller næringsbygg innanfor dei planlagde områda. Me har med andre ord fått på plass eit framtidsretta planverk som vil føra til at innbyggjarane vil oppleva kommunen som ein effektiv ja-kommune, skriv Austrheimordførar Per Lerøy i dette lesarbrevet.

– Noko av det viktigaste me har gjort dei siste periodane er å få på plass ny kommune- og arealplan, områdeplanar og ei lang rekkje reguleringsplanar. Me står no i ein situasjon der det vil vera svært enkelt å etablera seg i kommunen. Byggjesøknader kan behandlast på få veker dersom ein vil byggja hus, hytter, naust eller næringsbygg innanfor dei planlagde områda. Me har med andre ord fått på plass eit framtidsretta planverk som vil føra til at innbyggjarane vil oppleva kommunen som ein effektiv ja-kommune, skriv Austrheimordførar Per Lerøy i dette lesarbrevet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI lesarinnlegg i Strilen og Nordhordland kan ein lesa at Austrheim treng ny politisk leiing.

Veljarane må sjølv avgjera om ei ny politisk leiing vil vera bra for kommunen eller ikkje, men eg har lyst til å trekkja fram noko av det me har fått gjort dei siste periodane og utsiktene for kommunen framover.

Først må eg forklara kvifor Austrheim kommune har kome i ein litt krevjande økonomisk situasjon. Etter den store omstillinga i olje- og gassnæringa i 2014 og 2015, fekk kommunen aukande arbeidsløyse og ein kraftig nedgang i skatteinntektene. Dette skjedde i ein periode då me mista småkommunetilskotet på 5,4 millionar frå staten fordi me dei føregåande tre åra hadde hatt ein skatteinngang som låg meir enn 20 % over landssnittet. På same tid vart reglane for korleis ein kunne nytta momskompensasjon endra slik at betalt tilbake moms ikkje lengre kan nyttast inn i ordinær drift. Kommunen mista med andre ord fleire driftsinntekter på same tid. Etter tre år fekk me småkommunetilskotet tilbake, men då hadde regjeringa endra kriteria for dette slik at Austrheim kommune no berre får 2,7 millionar kroner i årleg tilskot, altså ei halvering av tilskotet i forhold til tidlegare. Som om ikkje bortfall av store inntekter var nok, fekk kommunen i same tidsperiode auka utgifter til sosialhjelp og barnevern. Dette er utgifter ein ikkje kan prioritera bort. Som ei følge av bortfallet av dei inntektene eg alt har peika på og dei auka utgiftene, fekk kommunen underskot i drifta i 2014, 2015 og 2017.


Både politisk og administrativt har kommunen dei siste åra jobba med å tilpassa drifta til den nye økonomiske verkelegheita og dersom alt går som prognosane så langt i år viser, vil kommunen nå sine budsjettmål for inneverande år og dermed vera ute av Robek-lista i 2020.

I innlegget frå Høgre kan det verka som det er ein katastrofe for ein kommune å hamna på Robek-lista. Sidan denne lista vart oppretta like etter tusenårsskiftet har nesten 300 av landets 422 kommunar vore innom denne lista. På lista har me hamna i kategorien kortare fartstid og mindre underskot, altså relativt udramatisk. Konsekvensane av at me er på Robek-lista er at Fylkesmannen må godkjenna investeringsbudsjettet vårt. I den perioden eg har vore ordførar har me kvart år drøfta både drifts- og investeringsbudsjettet med Fylkesmannen, så det at me no må få investeringsbudsjettet godkjent av Fylkesmannen representerer ikkje ei stor endring i forhold til praksisen me har hatt tidlegare.

I Austrheim kommune har me hatt eit relativt høgt investeringsnivå dei siste åra med bygging av ny barnehage, Ungdommens Hus, klubbhus, ferdigstilling av idrettspark, oppussing av Årås skule, rehabilitering av basseng og garderobar på Kaland barne- og ungdomsskule og framføring av vatn til Dyrnes, Rebnord, Øksnes, Langøy, Sævrøy og Baløy.


I tillegg har me gjennomført ei rekkje trafikksikringstiltak både i eigen regi og i samarbeid med andre. Her kan ein nemna omlegging av vegen inn til Mastrevik Torg med nytt busstopp, parkeringsplass og park, gang- og sykkelveg på Fonnes, ny veg til Furuli, veglys langs FV565 frå Mastrevik til Ulvøy og sist, men ikkje minst er me i sluttfasen med å få på plass «Vardebrua» over FV565 på Fonnes og etablert ei «hjartesone» med fortau ved Kaland barne- og ungdomsskule. Begge desse prosjekta er no lyst ut på anbod.

Me har også bidrege til etablering av fire nye omsorgsbustader i Furuli, etablering av Årvika friluftsområde, bygd den universelt forma ut turstien til Vardetangen, laga nytt venteskur på kaien i Mastrevik og fått på plass fiber til dei fleste innbyggjarane i kommunen.

Ladestasjonar har me også fått på plass både i Mongstad-krysset og på Mastrevik Torg. Me har også prioritert investeringar innan IKT-området med mellom anna elektroniske tavler i alle klasseromma på dei to skulane våre.

Eg er utruleg stolt over det me har fått til i kommunen dei siste periodane. Me har modernisert og utvikla kommunen både ved hjelp av eigne midlar, men også gjennom godt samarbeid med og bidrag frå Telenor, NKOM, BOF, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen, BKK, Regionrådet, nabokommunar, Trygg Trafikk, frivillige lag og organisasjonar og næringsdrivande.

Noko av det viktigaste me har gjort dei siste periodane er å få på plass ny kommune- og arealplan, områdeplanar og ei lang rekkje reguleringsplanar. Me står no i ein situasjon der det vil vera svært enkelt å etablera seg i kommunen. Byggjesøknader kan behandlast på få veker dersom ein vil byggja hus, hytter, naust eller næringsbygg innanfor dei planlagde områda. Me har med andre ord fått på plass eit framtidsretta planverk som vil føra til at innbyggjarane vil oppleva kommunen som ein effektiv ja-kommune.

Me har satsa offensivt dei siste periodane og i Arbeidarpartiet sitt program for 2019–2023 ønskjer me å halda fram med vår offensive satsing på å utvikla kommunen til beste for dei som bur her. Eg oppmodar alle til å lesa programmet vårt for den komande perioden, det er både godt, ansvarleg og framtidsretta.

Høgre sin ordførarkandidat kommenterer i sitt innlegg deler av vårt program. Det må ho gjerne gjere, men skal ho kommentera programmet meiner eg at ho må tolka det rett og forstå kva me meiner. Det vert til dømes stygt og direkte ufint når det vert trekt parallellar til vass-skandalen på Askøy når vår satsing på vedlikehald og utvikling av vassverket vert kommentert. Samanlikna med andre kommunar har me eit relativt nytt leidningsnett, men trass i dette er det trong for å skifta ut ein del kritiske komponentar samt få inn fleire målarar slik at leidningsbrot og andre hendingar raskt kan lokaliserast og utbetrast. Personleg drikk eg vatn frå springen kvar einaste dag. Eg er trygg på at det kommunale vatnet er sundt og gjer meg godt.

Eg stiller meg elles spørjande til at ordførarkandidaten til Høgre, som både er kvinne og NAV-tilsett, er så negativ til vårt punkt om at det normale skal vera 100 % stillingar i kommunen. Eg har liksom innbilt meg at folk har teke innover seg at me lever i 2019 og at kvinnekampen har eksistert i meir enn 50 år. Er det ikkje på tide at alle som vil, kvinner som menn, offentleg eller privat tilsett, skal kunna leva av jobben sin? I tillegg veit alle som har hatt leiande stillingar i næringslivet at det mest effektive og økonomiske er å satsa på 100 % stillingar. Her er det ikkje snakk om ekstra kostnader for kommunen om ein satsar på 100 % stillingar, men å få på plass gode turnusordningar som fungerer for alle.

Arbeidarpartiet brukar å laga eit politisk rekneskap ved slutten av kvar periode for å sjekka ut om me har levert det me har lova veljarane våre. Det normale er at me har kome svært godt ut av desse analysane og me har ved fleire høve offentleggjort resultata. Dette har alltid falle våre politiske motstandarar tungt for brystet. Dei har meint at også dei har vore med og forma utviklinga og det som har skjedd i kommunen. Og det er rett, i svært mange saker har vedtaka vore samrøystes i dei siste periodane, ikkje minst gjeld dette når ein kjem til budsjettvedtaka. Korleis kan det då ha seg at Høgre vil leggja skulda for alt som er vondt og gale i kommunen på Arbeidarpartiet? Har ikkje Høgre vore med på vedtaka? Kor mange forslag har Høgre kome med dei siste periodane som ville ha betra den økonomiske situasjonen til kommunen?

Eg trur den politiske kursen me har halde dei siste åra har vore bra for Austrheim. Me har posisjonert oss som ein moderne og effektiv kommune strategisk plassert midt i det som truleg er det mest interessante næringsområdet i nye Vestland fylke. Me valde å halda fram som eigen kommune og dette gir oss no god kontroll over vår eiga framtidsutvikling.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags