Radøyordføraren reagerer: – Historielaust, Jan Nordø!

Jon Askeland

Jon Askeland Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Jan Nordø avlegg meg nok ein gong ein verbal visitt, og denne gongen har han så mange feil, at eg vil svara på noko av det. Detr skriv Radøy-ordførar Jon Askeland i dette lesarinnlegget.

DEL

Tilbod: Få Nh+ i åtte veker for kun 49 kroner

Først som sist: Det var eg som starta den siste redningsaksjonen for Austrheim VGS, og som me vann! Me må tilbake til fylkestingsvalskampen 2011, og eg vart beden om å stilla til skuledebatt på AVGS dette året. Eg førebudde meg godt, og sjekka nokre rykte som gjekk om planar om å redusera tal vidaregåande skular. Dermed bad eg elevane spørja partia som då styrte fylkeskommunen (FrP, H, V) om framtida for AVGS var trygg. Det vart eit lurveleven, men eg hadde rett, og trollet sprakk! Resten kjenner me, det vart litt av ein skulestrukturdebatt. Eg hadde tett dialog med elevrådsleiar ved AVGS og Per Lerøy undervegs, så me var gode våpendragarar i striden, som førte fram til siger! Dermed bør påstandar om sentraliseringsiver vera lagt død, Nordø!

LES OGSÅ: På han igjen med Askeland

Administrasjonen i fylkeskommunen fremmar denne våren på nytt ein skulestrukturplan, og eg understrekar at den politiske debatten i saka har enno ikkje starta i fylkespolitikken, så utfallet er framleis ope. Eg merkar meg at eg, Per Lerøy og Astrid Aarhus Byrknes alle meiner at Nordhordland bør ha to vidaregåande skular framover. Det avgjerande vert om Per Lerøy har AP si fylkestingsgruppe på heile 20 representantar med seg i dette synet. Om så er, så er AVGS berga, i motsett fall vert det tøffe tak! Om eg var Jan Nordø, ville eg hatt større fokus på AP enn SP framover.

LES OGSÅ: Stå opp for våre vidaregåande skuler!

Eg har sett søkelyset også på Knarvik VGS. Den er ikkje nedleggingstruga, men innhaldstruga. Skuleleiinga på fylket ser Arna, Åsane og Nordhordland som eitt område, og me har med stor frustrasjon sett at populære fag er flytta frå Knarvik til skular i Bergen. Derfor har eg tatt til orde for at Nordhordland i denne omgangen må ha fokus på både Knarvik og Austrheim. Det står eg for, og den kampen håpar eg alle tek del i!

LES OGSÅ: – Nordhordland treng to vidaregåande skular også i framtida

Politikarane i Nordhordland må bruka tida godt framover våren og hausten på korleis me sikrar både skular og utdanningsprogram for elevane våre framover. Eg meiner eit Nordhordlandsting der me får grundig innføring frå leiinga ved Austrheim og Knarvik VGS er rett angrepsstrategi.

Eg har ein plan, det har kanskje Jan Nordø også. Men, det hadde vore greitt om han med si politiske røynsle snart byrjar å ta debatten, framfor å styra unna denne ved å tillegga m.a. meg skuldingar eg ikkje kjenner meg att i.

LES OGSÅ: Her er kartet som viser at Austrheim vidaregåande blir fjerna

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags