Byrknes meiner kritikken mot Askeland er urettvis: – Vi må stå saman

Astrid Aarhus Byrknes

Astrid Aarhus Byrknes Foto:

Av
DEL

LesarbrevTilbod: Få Nh+ i åtte veker for kun 49 kroner

Det er viktig med debattar, det er viktig og bra med engasjement. Det er viktig å løfte fram saker vi er opptatt av, og det er viktig å gje til kjenne kva syn ein har i saker som skal handsamast politisk.

Det er godt å bry seg, men det er ikkje greitt når vi omtaler kvarandre som nærast falske eller tillegg kvarandre meiningar som ikkje er sanne.

LES OGSÅ: Radøyordføraren reagerer: – Historielaust, Jan Nordø!

Jon Askeland min dyktige ordførarkollega får igjen gjeve meiningar som er tatt ut av alle proporsjonar. Denne gong kan det sjå ut som om han vil legge ned Austrheim vidaregåande skule i alle fall om vi skal tru på Jan Nordø.

Heile regionrådet i Nordhordland inkludert Jon Askeland har i alle dei rundar vi har hatt så langt i mi politiske tid i regionen (frå 2007..)kjempa for skulen, vi har kjempa for gode og relevante tilbod på begge dei to vidaregåande skulane og vi har stått saman alle kommunane tverrpolitisk. I staden for å så feilaktige rykte eller snakke kvarandre ned, så må vi heller løfte kvarandre, framsnakka og vere med å skape eit godt omdømme for regionen vår inkludert dei to vidaregåande skulane våre som no skal få si politiske handsaming utover hausten. Vi toler alle ein debatt og debatten treng vi for både skulebruksplanen og andre saker som kommunereform, inntektssystem, skatteforliket eller tannklinikkplanen, men debatten må vere sakleg, ryddig og sann.

LES OGSÅ: På han igjen med Askeland

Meiningsbryting får oss framover og av og til er det også slik at vi må vere samde om å vere usamde. Eg håper regionrådet og kommunane får gode innspel til skulebruksplanen og eg håper vi får eit politisk fleirtal for å halde fram med Austrheim vidaregåande skule og relevante linjer og programfag på begge skulane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags