Onsdag 29. mars hadde Reidar Konglevoll eit engasjerande innlegg i Avisa Nordhordland. Utlendingsdirektoratet (UDI) tykkjer det er bra at folk bryr seg. I 2015 kom det rekordmange asylsøkjarar til Noreg. UDI måtte oppretta mange ordinære mottak, så og med mottak for einslege mindreårige i aldersgruppa 15-18 år. Lindås mottak for einslege mindreårige er eitt av desse EM-mottaka.

Konglevoll sitt innlegg kan gje inntrykk av at mykje er feil og at ein ikkje gjer noko for gruppa ved at det er «rein oppbevaring enn omsorg». Dette meiner eg er feil, og vil freista å nyansera biletet litt. Likevel vil eg berømme Konglevoll for å ta temaet einslege mindreårige opp, det er ei sårbar gruppe ungdommar i alderen 15-18 år.

UDI har ansvar for å gje einslege mindreårige forsvarleg omsorgstilbod, dette er delegert i det daglege gjennom kontraktar med driftsoperatørar. Driftsoperatørane har tydelege råmer gjevne gjennom til dømes rundskriv, UDI følgjer tett opp med kontraktsoppfølging (tilsyn) der ein og fokuserer på innhald og på omsorg. Det er viktig å seie at vertskommunar (Lindås i dette tilfellet) har sektoransvar, som for alle andre når det gjeld til dømes helsetilbod, barnevern, opplæring. I tillegg har alle dei einslege fått oppretta representant av Fylkesmannen, og på mottaket har alle ein særkontakt.

Om dette er tilstrekkeleg veit ein ikkje, men å berre kalle det oppbevaring er direkte feil.

Stig Arne Thune, Regiondirektør UDI Region Vest

 

UDI har i det siste registrert relativt meir uro, psykisk stress og sjølvskading blant mange einslege mindreårige, nokre vel og å reise på eige initiativ frå EM-mottaket. UDI har som fagdirektorat gjort Justis og beredskapsdepartementet merksam på dette i fleire omfattande brev i 2016 og 2017. For 2017 har ein såleis fått styrka bemanninga for EM-mottak med heile 49,5 millionar. Me i UDI Vest har nyleg styrka Lindås EM-mottak med to nye stillingar. Me har og auka midlar til aktivitetar frå 240.000 i 2016 til 550.000 i 2017. I tillegg har me tett samarbeid med kommunar, BUF-dir og RVTS (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging).

Les også

«Eg takkar for at de bryr dykk»

 

Etter å ha snakka med mottaket, driftsoperatør og leiinga i Lindås, får eg eit litt meir nyansert bilete enn etter berre å ha lese Konglevoll sitt innlegg. På mottaket skjer det dagleg vekking av dei tilsette, og som for ungdommar flest må det kanskje skje både ein og tre gonger. Absolutt alle bebuarane på Lindås har ein eigen tiltaksplan som er oppdatert. På mottaket er det både bebuarråd og faste allmøter. Konglevoll skriv at barna må lage måltider og handle sjølve. Dei einslege mindreårige (15-18) har sjølve sagt nei takk til tilbod om å få laga frukost av tilsette, det ønskjer dei heller å lage sjølve grunna ordningar som påverkar det. I tillegg er det lagt opp til fire faste tilbod om handleturar til Lindås i veka, i tillegg til at mange er der dagleg på skule/aktivitet. Mottaket gjev og tydelege kosthaldsråd, og ein har person med kompetanse innan ernæring og helse. Mottaket har formidla at alle har ståande og dagleg tilbod om leksehjelp, i tillegg kjem organisasjonen KIA inn to gonger i veka med organisert leksehjelp. Som ungdommar flest har ein i tillegg tv og nettilgang på rom, noko som er bra og viktig for å kunne halde seg orientert men og ha kontakt med andre relasjonar (som og kan vera på flukt).

Les også

Fridtjof frykta flyktningane – Så fekk han 40 unge flyktningar i nabolaget

 

UDI er takksame for kommunale tenester og tilbod, men og for lag og organisasjonar sin store innsats. Frivillig sektor i Lindås gjev både oppleving, meistring, omsorg og inkludering. På aktivitetskalendaren til EM-mottaket ei tilfeldig veke kunne ein telje over 25 aktivitetstilbod for dei einslege mindreårige. Aktivitetstilbodet kunne gjelde alt ifrå crossfit, gitarkurs, fotball, handleturar, røde kors, leksehjelp med vidare. Denne innsatsen medverkar til livsglede, meistring, eigenverd og gjev håp i ein krevjande kvardag. Om dette er tilstrekkeleg veit ein ikkje, men å berre kalle det oppbevaring er direkte feil.

UDI har som fagdirektorat gjort Justisdepartement ved administrativ og politisk leiing merksam på bekymringane knytt til bebuarar ved EM- mottak og dei endringane som har kome mellom anna i utlendingslova og bruken av mellombelse og avgrensa tillatingar. Mange har vedtak som seier at ein skal returnera når ein er 18 år, noko som gjer sakskomplekset og livssituasjonen komplisert. UDI vaktar denne situasjonen nøye.

Det er ikkje vanskeleg å vera samd i at mange av ungdommane har med seg ulik bagasje og svært sterke opplevingar. Når det er sagt freistar UDI å ta hensyn til individuelle behov i samarbeid med driftsoperatørar, vertskomune og lag og organisasjonar. Ein er og takksam for eldsjeler som til dømes Konglevoll som driv flotte prosjekt som «Inn på tunet». Dette er med på å gje ungdom og andre erfaring, oppleving og kjensle av eigenverd og livskvalitet. Det er UDI glade for.