Senterpartiet vil byggja ein kommune som gjer jobben sin!

Intensjonsavtalen er grunnmuren for Alver kommune, og Senterpartiet  vil stå på for at kommunen rett og slett gjer jobben sin, innan alle ansvarsområda, skriv Sp sin ordførarkandidat Jon Askeland i dette innlegget.

Intensjonsavtalen er grunnmuren for Alver kommune, og Senterpartiet vil stå på for at kommunen rett og slett gjer jobben sin, innan alle ansvarsområda, skriv Sp sin ordførarkandidat Jon Askeland i dette innlegget. Foto:

Av
DEL

MeiningarMe er på veg til Alver kommune, og alle har me meiningar om og forventningar til den nye kommunen vår. Senterpartiet har lagt ned stort arbeid i programmet vårt, der me har lista opp prioriteringar innan ei rekkje område. Desse kan oppsummerast i at me vil jobba for at kommunen skal gjera jobben sin!

Grunnmuren for Alver kommune er Intensjonsavtalen frå 2016 med ei rekkje veldig klare prioriteringar. Senterpartiet vil hegne om desse måla, fordi dei listar opp kva som skal til for at den nye kommunen svarar til forventningane våre.

Kommunen følgjer oss alle gjennom heile livet, i oppvekståra er kommunen veldig nær oss, seinare i livet kjem me i større og mindre grad i kontakt med kommunen. Me har heldigvis stor individuell fridom i Noreg, noko som er viktig for Senterpartiet å kjempa for. Noko av grunnlaget for fridomen, ligg i at me også har gitt kommunen store oppgåver som ivaretek tryggleiken vår, dette er viktige fellesgoder, som også må sikrast og vidareutviklast.

Oppvekst- og helse- og omsorgssektoren er dei to områda der Alver vil bruka mest pengar og ha flest tilsette på jobb for oss. Desse områda vil me som folkevalde også bruka store krefter på, då dei betyr så mykje for så mange av oss i kvardagen, og må fungera best mogleg heile tida!

Me vil jobba for ein kommune som gir oss tryggleik,- reint vatn i springen, teknisk drift, beredskap, brann- og redningstenesta. Me vil jobba for ein kommune som ser oss og støttar oss i kultur- idrett, organisasjonsliv. Me vil jobba for ein kommune som er ein sterk utviklingsaktør både innan samferdsle, for bedrifter og folk som vil noko, alt frå plan- til byggesaksrettleiing mm. Me vil jobba for ein kommune som tek klima- og miljøansvar. Me vil jobba for ein kommune me opplever som god å bu i og som er eit plussbegrep i kvardagen vår.

Det krevst kløkt og gode samarbeidsevner for å byggja kulturen som skal prega den nye kommunen vår. Det er ein heilskap dette her. Senterpartiet vil kort og god jobba for ein kommune som fungerer, som gjer jobben sin, på alle område!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags