Trykk på knappen «oppdatér»!

Styremedlem i Alver KrF, Gunnar Kartveit, meiner partiet ikkje bør bli ein del av regjeringa til Erna Solberg. Arkivfoto

Styremedlem i Alver KrF, Gunnar Kartveit, meiner partiet ikkje bør bli ein del av regjeringa til Erna Solberg. Arkivfoto

Av
DEL

MeiningarI debatten om KrFs vegval vidare, har det kome fram frykt og uro for at venstresida vil motarbeida kristne verdiar. 

Kyrkja og arbeidarrørsla har vore på kollisjonskurs. Det har falle sterke ord frå båe sider som har markert stor avstand. Ein av grunnane til dette har vore at kyrkja og tenarane hennar har stått i ein maktposisjon, medan arbeidarrørsla kjempa fram rettane til dei som stod langt bak i samfunnskøen.

Dette har endra seg vesentleg. Kyrkja har ein annan posisjon i samfunnet vårt, markert mellom anna ved skiljet mellom stat og kyrkje. Og impulsar frå kyrkjer på andre kontinent har hjelpt oss å løfta fram Bibelens tale om dei låge og dei svoltne på ein ny måte, sjølv om det diakonale arbeidet alltid har vore kyrkja sitt særpreg. Nye og ulike tenester i kyrkja har gjeve høve til meir nærkontakt med dei som har det vanskeleg.

For ein del tiår sidan gav folk i Arbeiderpartiet uttrykk for at kristendomen si rolle måtte reduserast og helst fjernast frå ulike institusjonar i samfunnet. I dag seier leiarane i Arbeiderpartiet at religion har og vil få ein større plass i samfunnet vårt. Nye medborgarar med andre religionar enn kristendomen har bidrege til at både kyrkja og arbeidarrørsla løftar fram kristen tru og tradisjon både som kulturberarar og til kvardagsbruk for folk flest.

Så er det mange einskildsaker der KrF har unike standpunkt samanlikna med andre parti. Difor må vi gå i forhandlingar for å sjå kvar vi får eit godt resultat. KrF har fått gjennomslag for viktige saker på høgresida. Kva vi får til på venstresida, veit vi ikkje, for vi har aldri prøvd. Men grunntonen på venstresida minner meg om Meisteren som gjorde det uventa - stoppa opp hjå folk som ikkje hadde andre talerøyr, men som berre ropa med si eiga stemme.

Det kan vera nyttig å trykkja på den knappen som heiter «oppdatér» for å sjå både kyrkja og arbeidarrørsla si rolle i dag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags