Alver Sp: Uaktuelt å velja vegløysingar som raserer gardane på Isdal og Åse

Leiar for Alver Sp er klar i si tale om nye E39 gjennom Nordhordland.

Leiar for Alver Sp er klar i si tale om nye E39 gjennom Nordhordland. Foto:

Av

I eit lesarinnlegg skriv leiar for Alver Sp, Asbjørn Nagell Toft, at det er uaktuelt å velje løysingar som raserer Isdal- og Åsegardane.

DEL

LesarbrevStatens Vegvesen utgreier no ulike løysingar for å leggja Vestlandet si hovudveg E39 gjennom Nordhordland. Det er presentert ulike vegtrasèar for føring av E39.

Ein av traséane mellom Knarvik-Hjelmås er lagt i dagen med 4-felts motorveg tvers gjennom Isdal og Åse. Alver Senterpartiet gir no klar melding om at det er uaktuelt å velja løysingar som raserer Isdalgardane og Åsegardane. Begge stadene har store matproduksjonsverdiar og uerstattelege kulturlandskaps- og kulturminneverdiar.

Desse gardane skal ikkje leggjast under asfalt eller uroast av meir støy og støv!

Vegtrase V8 vil rasera gardane på Isdal og Åse for alltid. Dei grøne lungene på Isdal og Åse er og viktige for det stadig veksande regionsenteret frå Knarvik til Alversund, dette er verdifulle område for friluftsliv og rekreasjon.

Ulike vegtrasèar for føring av E39 frå Flatøy-Knarvik-Hjelmås som Statens vegvesen no vurderer er vist på kart.

Saka held fram etter bilde.

Foto:

Vil rasera sentrale område i Alversund.

Alver Senterpartiet vil og gi klar melding om at det er uaktuelt å velja vegløysing V7C som vil rasera sentrale område i Alversund. Vegtrase V7C vil rasera kyrkjestaden og viktige landbruks og friluftsområde i Alversund, men i tillegg vil vegtrase V7C saman med vegtrase V8 rasera gardane på Åse og Isdal.

Å leggja alle egga i ei korg er heller ikkje klokt. Det å leggja dei store trafikkstraumane på E39 og på Fv. 57 og Fv. 565 samla i same vegtrase er og ei dårleg løysing beredskaps- og miljømessig.

Alver Senterparti meiner difor at alternativet som legg opp til å kopla E39 saman med fylkesveg 57 som vist i kart over er heilt uakseptabelt. Alver Senterparti er samd med Statens vegvesen i det dei skriv i sin rapport om at V8 og V7C har størst konfliktgrad og at dette er enorme terrenginngrep med sin 4-felts veg.


Dei beste vegløysingane

Alver Senterparti går difor for dei kortare vegalternativa V3 og V4. Vegløysingane innover Osterfjorden for folk og landskap må også vera gode, slik at ikkje ny E39 øydelegg meir enn den gagnar.

Ein tofeltsveg innover Osterfjorden frå Hjemås vil vera den beste løysinga for alle, då kan vegen ta viktige miljø- og landskapsomsyn.

Ein 4-felts veg vil rasera bygdene våre innover Osterfjorden. Alver Senterparti meiner som og Statens vegvesen skriv i sin rapport, at for strekninga Knarvik-Hjemås står alternativ V3 fram som det alternativet som best svarar på den målsettinga som er lagt til grunn for vegprosjektet.

Det gjev best innkorting på reisetid, minst utbygging, ingen vesentlege fråvik, og den enklaste kryssutforminga ved Knarvik. I tillegg kan dette alternativet byggast i etappar, og er uavhengig av når tunnel mellom Knarvik og Isdalstø vert bygd. Det er heller ikkje påvist konflikt med sentrumsplanane på Knarvik.

Det gjev god kopling til Knarvik sentrum og vesentleg reduksjon i gjennomgangstrafikken gjennom Knarvik. Som variant kan ein vurdera V4, som flyttar krysset ved Gjervik inn i fjell.

Alver Senterparti vil vera nær, men og koma folk i bygdene våre i møte framover slik at den mest natur-, landbruks- og miljøvennlege vegløysinga for E 39 vert vald i vår kommune. Me vil arbeida for å få på plass eit politisk fleirtal for dette i planarbeidet med Kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen.

Vi oppmodar folk til å engasjera seg i denne plansaka framover!


Artikkeltags