Alver Senterparti om kvifor dei støttar byvekstavtalen: «Ja, ein kan alltid ønskja meir pengar til gode tiltak, men dette er då ein start.»

Av
DEL

MeiningarByvekst eller vekst i distrikta – det eine utelukkar ikkje det andre.

I det store engasjementet rundt Byvekstavtalen kan det verka som om denne avtalen vil brakkleggja det meste av Alver kommune, med unntak av Knarvik-Frekhaug området.

Realiteten er at det framleis er Plan-og Bygningslova som styrer arealbruken.

Det er også slik at dei vedtekne planane i Lindås, Meland og Radøy gjeld til ny nye planar vert vedtekne for Alver kommune, og det er då det er viktig å få på plass gode planar som ivaretek utvikling i heile kommunen.

Gjennom Byvekstavtalen får Alver kommune også tilgang til statlege og fylkeskommunale midlar som kan brukast på betre trafikkløysingar og kollektiv transport, midlar som kommunen elles ikkje ville fått.

Kritikarane hevdar at løyvingane er for små. Ja, ein kan alltid ønskja meir pengar til gode tiltak, men dette er då ein start.

Ein annan positiv verknad av Byvekstavtalen er at Alver kommune kjem med i eit samarbeid kor ein kan vera med å påvirka rutetilbod og trafikkløysingar.

Difor er det viktig at det vert ei tydeleg folkevald styring av korleis dei aktuelle midlane skal prioriterast.

Med dette som bakteppe er styret i Alver Senterparti positiv til Byvekstavtalen.

For Alver Senterparti,

Anna K Valle
styremedlem

Artikkeltags