Bruk jorda for å redde Jorda

Privat

Privat Foto:

Av
DEL

LesarbrevKlimakrisa er her. I sommar har Europa nok ein gong opplevd ein heitebølge, og isen på Grønland har smelta i rekordtempo. Visst vi skal unngå de mest katastrofale konsekvensane, må vi avgrense temperaturaukinga til 1,5 grader. Men sjølv om ungdom øve heile landet har streika frå skulen for å skape klimahandling, er politikarane handlingslamma. I fjor auka utsleppa i Noreg.


No har FNs klimapanel kome med ein ny rapport som visar at 1,5-gradersmålet krev radikale endringar i måten vi produserer mat og bruker landområder. Rapporten seier blant anna at vi må redusere kjøttforbruket vårt og ete meir planter. Dette betyr at Noreg må legge om landbrukspolitikken kraftig.
Vi må dyrke mindre fôr til kjøttproduksjon og slutte å importere soya frå Brasil som førar til avskoging. I staden for kan vi dyrke meir korn, frukt og bær. Dei bøndene som skal produsere kjøtt må bli påskjønna for å drive klima- og dyrevenleg. Og vi må stanse tapet av matjord og bruke den avgrensa jorda vi har til å dyrke miljøvennlege varer. Dette er MDGs visjon for jordbruket i Noreg: Vi skal produsere sunn, berekraftig mat basert på lokale ressursar.


Dette er den tredje FN-rapporten det siste året som roper ut om at verda styrer mot økologisk kollaps. Nå må dei norske politikarane vakne! Vi treng radikale endringar på alle område i samfunnet, inkludert kva vi eter. Lokalvalet i haust er eit vegval mellom eit grønt og eit grått samfunn. Miljøpartiet dei Grøne er det einaste partiet som tør å vere ærlig om kva som må til for å stanse klimakrisa, og derfor bør du stemme grønt i haust.

Irenea Natås, Grøn Ungdom Vestland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags