– Eg fann det nødvendig å melde meg inn i eit parti som har klima som si viktigaste sak

Av
DEL

LesarbrevKvifor Miljøpartiet dei grøne?

Eg er ein av dei som «arva» politisk syn frå foreldre med sterke meiningar, blant annaom solidaritet. Lenge vegra eg meg for å stå i noko parti, ville heller «tenke sjæl». Men etter kvart som teikna på ei dramatisk forverring av klodens klima vart stadig tydelegare, utan at ansvarlege politiske parti viste evne eller vilje til politisk / praktisk handling, fann eg det nødvendig å melde meg inn i eit parti som har klima som si viktigaste sak, og viste vilje til handling.

MDG er blitt skulda for å vere eit éi-saksparti, men i sterk motsetnad til andre parti med kun éi sak på programmet, er klimasaka det aller, aller viktigaste no, og må flettast inn i alle andre politiske saksområde for å sikre berekraftig utvikling lokalt, nasjonalt og globalt. Eg har til dags ikkje sterke meiningar om bompengefinansiering av nye vegar, er meir opptatt av gode kollektivtilbod og utvikling av fossilfri transport.

I nye Alver kommune er der mange flinke og seriøse politikarar i dei ulike parti, men eg vil støtte eit parti som lokalt og nasjonalt ikkje kompromissar for mykje i praktisk politisk arbeid.

Når det for eksempel blir sagt at den nye kommunen skal vere ein «ja-kommune», med god tilrettelegging for industri og busetnad, er det også viktig med kritiske motstemmer som gjerne dreg nye moment inn i debatten. Eit gammalt mantra om å tenkje globalt, handle lokalt, gjeld no meir enn nokon gong i klodens historie.

MDG lokalt hjelper meg og andre til å verte bevisst på å ta gode, berekraftige eigne val:

  • Mindre bruk av eigen bil, meir bruk av kollektivtransport, val av fornybart framfor fossilt
  • Sunnare og meir berekraftig kosthald, med mindre kjøtt, meir grønt og fisk, slik ein levde tidlegare; også våre foreldre og besteforeldre. Betre for oss, betre for kloden vår!
  • MDG kan påverke kommunestyret til å sikre framtidige generasjonar eit godt samfunn, med god tilgang til friluftsområde på sjø og land. Eg ønskjer godt tilrettelagde område for alle typar umotorisert sjøsport, og for bruk av tradisjonsbåtar som eit ypparleg inkluderingstiltak for dei som ellers lett fell utanfor.
  • MDG nasjonalt er viktig for å bidra til gode og gjennomtenkte politiske miljøval framfor populistisk og kortsiktig politikk som gagnar enkeltparti sitt stemmetal på bekostning av kvardagen for våre etterkommarar. -Vi treng eit parti som krev handling NO, ikkje «ein gong i framtida når det passar seg».
  • Vi treng eit parti som prioriterer miljøvennleg kollektiv transport framfor raske, breie motorvegar som blir fylt opp med endå meir privatbilisme, kork og kø før asfalten forvel er tørr. Eksempel: ny motorveg mellom Stavanger og Sandnes førte raskt til at folk busette seg i Sandnes, arbeidde i Stavanger, og omvendt. Isolert sett bra for folks frie val, men svært dårleg for miljøet lokalt og globalt. Mange bekkar små..
  • Vi treng eit parti som ser verdien av å ta vare på urørt natur, strandsoner, myrer som bind CO2. Nokre gonger på bekostning av ønskje om utbygging nett i slike område.

DERFOR får MDG mi stemme, også i år.

Godt val, godtfolk!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags