«Det er ikkje eit problem at jentene gjer det bra, men skulen må bli betre til å løfta gutane»

– Det er ikkje eit problem at jentene gjer det bra, men skulen må bli betre til å løfta gutane, meinar Nils Marton Aadland og Alver Høgre.

– Det er ikkje eit problem at jentene gjer det bra, men skulen må bli betre til å løfta gutane, meinar Nils Marton Aadland og Alver Høgre. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet uroar meg at mange gutar heng etter i skulen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. Dette er noko vi som skuleigar vil ta på alvor og følga opp med målretta tiltak.

Nyleg fekk kunnskapsminister Jan Tore Sanner overlevert ein rapport frå Stoltenbergutvalget om kjønnsforskjellar i skulen. Rapporten stadfestar nok ein gong at det er tydelege forskjellar mellom kjønna på alle nivå i utdanningssystemet.

Vi har hatt kjønnsforskjellar i norsk skule sidan 1914, men konsekvensane av å henge etter blir større i framtida. Det er ikkje eit problem at jentene gjer det bra, men skulen må bli betre til å løfta gutane. Løysinga er definitivt ikkje å hindra at jenter gjer det betre, eller å nedprioritera det faglege innhaldet i skulen, men å finna tiltak for å løfta gutane.

I Stolterbergutvalet sin rapport er det ei rekkje forslag til tiltak for å løfta gutane. Det viktigaste vi kan gi elevane våre er ein god lærar og aldri redusera forventningane til kva kvar og ein av dei kan utretta.

Eg meiner det ikkje finst ein enkel løysning på dette, vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig når vi skal forma ut framtidas skule. Skulepolitikken vår og tiltaka vi set i verk må vera kunnskapsbaserte og bør hjelpa alle elevar som ikkje meistrar skulen.

Fleire kommunar har lukkast med å ta i bruk digitale hjelpemiddel og spelteknologi for å variera undervisninga. Difor meiner Høgre at Alver kommune må vere framoverlent og testa nye digitale løysingar som kan løfta og motivera fleire elevar. Det ligg mange moglegheiter i teknologien som vi enno ikkje har klart å utnytta godt nok i klasseromma våre, og disse må vi ta i bruk.

Nils Marton Aadland

Alver Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags