Alver Høgre ønskjer eit lågterskeltilbod for unge med psykiske lidingar: «Det er viktig å ta tak i problema når dei er små»

Av
DEL

LesarbrevDet er viktig at personer med psykiske helseutfordringar får tidlig hjelp og dermed unngår å bli sjukare. Det er viktig, både for den einskilde og for samfunnet vårt.

Vi må sørgje for at unge i Alver kommune har det bra. Difor vil Høgre få på plass ordninga «Raskere psykisk helsehjelp» i vår kommune. Ordninga «Raskere psykisk helsehjelp» er eit lett tilgjengelig kommunalt tilbod til personar over 16 år, med angstlidingar, depresjon eller søvnproblem. Hjelpa er basert på kognitiv terapi og sjølvhjelp under vegleiing.

Ordninga er etablert i 55 norske kommunar. Ingen av dagens tre «Alver kommunar» har nytta seg av den. Ei evaluering av tilbodet viser at 6 av 10 var friske etter å ha fått «Rask psykisk helsehjelp».

Dei fleste born og unge har god fysisk og psykisk helse. Samtidig er det fleire tilhøve som gir grunn til uro. Talet på unge som strevar med psykiske plager og lidingar er aukande. Det er også noko ungdomen i Alver sjølv er tydeleg på.

Det er viktig å ta tak i problema medan dei er små. Om dei får veksa seg for store er det ofte vanskeligare å løysa dei.

Mange unge opplever press og bekymringer i kvardagen og stadig fleire ungdom rapporterer om psykiske helseplager. Alver kommune skal gi god og rask hjelp til dei som treng det. Det er ikkje uvanlig å ha psykiske helseutfordringar i løpet av livet.

Dersom vi klarar å førebyggja psykiske helseproblem på eit tidlig tidspunkt vil det har stor betyding for resten av liva deira.

Det å investera i born og unge sine liv er det beste vi kan gjera for den einskilde og for samfunnet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags