Alver Høgre har store ambisjonar for den nye kommunen

– Alver Høgre har store ambisjonar for Alver, og vi arbeider målretta for at innbyggjarar og næringsliv vil oppleve det som eit framsteg å bli ein del av den nye kommunen. Vi ønskjer å utvikle kommunen på ein best mogleg måte, og ser fram til å gjere det i godt samarbeid med alle gode krefter i Alver, skriv Nils Marton Aadland i dette lesarbrevet.

– Alver Høgre har store ambisjonar for Alver, og vi arbeider målretta for at innbyggjarar og næringsliv vil oppleve det som eit framsteg å bli ein del av den nye kommunen. Vi ønskjer å utvikle kommunen på ein best mogleg måte, og ser fram til å gjere det i godt samarbeid med alle gode krefter i Alver, skriv Nils Marton Aadland i dette lesarbrevet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Om eit år er Alver kommune ein realitet. Alver Høgre har som målsetting at kommunen skal vere blant dei beste i Vestland fylke på livskvalitet for innbyggjarane og den mest attraktive for næringsverksemd. Alver Høgre har store ambisjonar for den nye kommunen!

Vi er no i ferd med å bygge Alver kommune. Alver blir summen av alle lokalsamfunna i dagens Lindås, Meland og Radøy kommunar. Alver Høgre ønskjer å utvikle heile den nye kommunen, og å skape gode lokalsamfunn for innbyggjarar og næringsliv. Enten du vil bu sentrumsnært eller andre stader i vår vidstrakte kommune, ønskjer Alver Høgre å legge til rette for at du skal få bu og leve der du ønskjer.

For at vi skal lukkast med det må Alver skal vere ein JA-kommune. Det betyr at vi må lage planar og strategiar som rustar oss til å ta imot nye bedrifter, næringar og innbyggjarar. Ein offensiv arealpolitikk er verktøyet som må brukast for å sikre at vi tar heile kommunen i bruk, og ein god og målretta næringspolitikk er viktig for vekst og verdiskaping.

Gjennom tidene har folk og verksemder i Alver stått for innovasjon og hardt arbeid. Vi har skapt verdiar og økonomisk vekst. Når det er vanskelege tider, står innbyggjarane i Alver klare for å gjere sitt for landet. Olje og gass, havbruk, landbruk og teknologi er døme på arbeidsområde der vi har vist vår styrke. For å sikre vidare vekst og utvikling, må Alver legge til rette for framtidsretta og innovative løysingar.

Gode samferdsleløysingar er eit av dei viktige tiltaka for å skape ei positiv utvikling. Difor vil Alver Høgre arbeide for å ruste opp vegnettet, betra kollektivtilbodet og sikre eit godt og tenleg mobilnett/breiband i heile kommunen.

Eit trygt, godt og effektivt vegsystem mellom Alver og Bergen er viktig for både innbyggjarar og næringsliv. Difor vil Alver Høgre prioritera å arbeide for oppstart av ein ny og framtidsretta veg mellom Klauvaneset og Vågsbotn (E39) snarast. Kapasiteten på vegen er allereie sprengt, og den er i tillegg svært trafikkfarleg.

Alver Høgre har store ambisjonar for Alver, og vi arbeider målretta for at innbyggjarar og næringsliv vil oppleve det som eit framsteg å bli ein del av den nye kommunen. Vi ønskjer å utvikle kommunen på ein best mogleg måte, og ser fram til å gjere det i godt samarbeid med alle gode krefter i Alver.

Med helsing

Nils Marton Aadland

Ordførarkandidat Alver Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken