Administrativ kupping av dagsturhytta i Austrheim

Jan Nordø vil utsette saka om dagsturhytta i Austrheim

Jan Nordø vil utsette saka om dagsturhytta i Austrheim Foto:

Av
DEL

LesarbrevMedan nabokommunane har opne og demokratiske prosessar for plasseringa av dagsturhyttene som er planlagde i Nordhordland, har administrasjonen i Austrheim bestemt seg utan høyring og folkeleg medverknad. Ho skal liggja på Vardetangen. Basta. Saka skal opp i formannskapet torsdag 23.04.20.

Masfjorden kommune har gjennom open høyring invitert alle til å koma med framlegg om plassering av dagsturhytta. Alver kommune vil saman med frivillige organisasjonar som Nordhordland Turlag peika ut tre stader i kommunen. Demokratisk og ryddig.

Kva gjer administrasjonen i Austrheim? Jo, dei vender seg direkte til Fonnes Bygdelag og overser galant at det finst andre aktive bygdelag, organisasjonar og institusjonar som kunne tenkja seg å ta ansvar for tilsyn med ei dagsturhytte. Ved Hoplandskvernene. På Seteneset. I Øksneset. I Gassevågen.

Kvifor er ikkje desse lokalitetane vurderte? Er til dømes Hopland grendalag spurd? Eller skulane og barnehagane? Kvifor ikkje leggja ut på høyring slik som i Masfjorden?

Dessutan. Ville det ikkje vore naturleg å innarbeida dagsturhytta i Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv? Etter å ha vore på høyring skal planen opp til politisk handsaming i 2020. Det ville ha sikra ei demokratisk og heilskapleg tilnærming til kor dagsturhytta bør liggja.

All ære til fonnesfolket og Fonnes Bygdelag. Gjennom dugnad og offentleg støtte har området mellom Vardetangen og Årvikane blitt eit utstillingsvindauge for nærfriluftslivet, universelt tilrettlagt med stiar, gapahuk med bibliotek, toalett, frisbeebane, bålplassar og ein flott badestrand.

Men no er det på tide å flytta blikket frå denne delen av kommunen til Fosnøy. Her bur majoriteten av innbyggjarane, her ligg skulesenteret og den største barnehagen, her ligg kommunesenteret. Likevel skrik denne delen av kommunen etter tiltak som kan få fleire barn, unge og vaksne vekk fra asfalten og ut i marka.

Ei dagsturhytte på Fosnøy vil derfor vera eit stort løft for friluftsliv og folkehelse og meir i tråd med retningslinjene frå Sparebankstiftinga og fylkeskommunen enn plasseringa på Vardetangen.

I utlysinga frå fylkeskommunen vert det stilt to viktige krav til prosjektet:

• "Det er ønskeleg med brei medverknad i høve prosessane kring plassering, opparbeiding og drift."
• "Hytta bør plasserast sentrumsnært, nær skule/barnehage og med mogleg tilkomst via kollektivtilbod."

Vi kan ikkje sjå at administrasjonen har teke omsyn til desse krava i innstillinga si. Vi oppmodar difor formannskap og kommunestyre i Austrheim til å skjera gjennom for å sikra demokratisk medverknad og ei plassering av dagsturhytta som er i tråd med retningslinjer og krav frå Sparebankstiftinga og fylkeskommunen.

Vi bed om at saka blir utsett og helst innarbeidd i Plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags